Heidi Aarøe Moe, direktør i Studentsamskipnaden, er glad for at nye studentbustader nå kan byggast.
Haugesund får nye studentbustader
Det er 23 år sidan sist det blei bygd studentbustader i Haugesund.
HAUGESUND: - Etter fleire år med utfordringar knytt til å realisera nye studentbustader innanfor retningslinene frå sentrale myndigheiter, er den ei glede for oss å kunna informera om at me nå reknar med å kunna starta bygginga av 72 hybelleilegheiter på Vardatun II, på nabotomta til dei studentbustadene me allereie har på Vardatun. Det skriv Studentsamskipnaden Stord/Haugesund (SSH) i ei pressmelding.
Rett over sommarferien skal bygginga av nye studentbustader i Haugesund starta. Dei skal vera innflyttingsklare til semesterstart i 2010.
LES OGSÅ: 60 studentboliger på vent
SSH melder at realiseringa av prosjektet har late seg gjera etter at Kunnskapsdepartementet har gitt dei nye rammevilkår som gjer det mogleg å realisera eit større prosjekt enn det som opprinneleg var planlagd. Samla statstilskot til prosjektet er blitt auka frå 12 til 16,4 millionar kroner.
- Ved både å auka og bearbeida prosjektet, har me nå greidd å koma innanfor kostnadsramma som er sett. Statstilskotet på 200.000 er ikkje auka på desse åra, og er framleis 50.000 lågare per hybel enn i Bergen og Stavanger, står det i pressemeldinga.
SSH gir også honnør til Haugesund kommune som har vore ein viktig støttespelar i forhold til å legga til rette for fleire studentbustader på Vardatun.