Haugesund og Karmøy i mekling

Karmøy og Haugesund møttest i formiddag til synfaring på Storøy, men kjem dei ikkje til einigheit i vindmøllesaka hamnar den i Miljøverndepartementet.

Annonse
Annonse

HAUGESUND/KARMØY: Tonen var god då ordførar Kjell Arvid Svendsen (KrF) møtte varaordførar Sven Olsen på Storøy tidlegare i dag, likevel er det klart at dei to kommunane står langt frå kvarandre i saka om å byggja vindmøller i innseglinga til Haugesund.

– Detta vil vera synleg i store delar av Haugesund, men lite synleg for Karmøybuar. Karmøy har tidlegare sagt nei til ei større utbygging, argumenterte Sven Olsen, som i denne saka representerer Haugesund.

Alt før meklinga tilbakevisar Svendsen desse argumenta og viser til at dette vil vera Karmøy sitt bidrag til ein rein, fornybar energi.

– Det visuelle er ein skjønnhetsvurdering. Det spesielle er at Frp, som er for sjølvstyre, er det sterkaste til å påpeika kva ein annan kommune gjer, meiner Svendsen.

Partane gjekk til mekling saman med Fylkesmannen klokka 13.00 i dag. Vert det ikkje einige handlar saka truleg hos Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Følg saka i morgondagens Haugesunds Avis

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.