Helene Rask til legevakt etter saueklipp

Kjendismodellen Helene Rask hamna på legevakta, Etnes Inge Morten Tronstad svikta i finalen, men elles tok Haugalandet godt for seg under NM i saueklipp og ullbehandling.

Annonse

tøff: Den tidlegare modellen og noverande instruktør på treningsstudio, Helene Rask (28), stilte for TV2 og viste seg som ei knalltøff dame.

litt lokal: Skotten Hamish Mitchell gjekk til topps i internasjonal klasse. Foto: SIGMUND HANSEN

TIL LEGEVAKTA: Helene Rask måtte til legevakta. Foto: SIGMUND HANSEN.

Annonse

VINDAFJORD: TV 2 fekk ein times show ut av NM i Ølen i helga. Dette blir sendt til vinteren i serien «Norgesmester». Helene Rask viste seg å vera flinkare saueklippar enn sauebønder flest, men kjørte den elektriske saksa inn i armen då ein sau sparka.
– Eg trudde det var blod frå sauen og let meg ikkje stanse, smiler den tøffe kvinna. Etterpå blei det konstatert djupe kutt og ho blei sendt til legevakt for stivkrampesprøyte og bandasjering.
Helene var nede i fire minutt på å klippa ein sau. Røynde sauebønder nikka og sa at fleirtalet av dei neppe hadde klart det fortare. Eliteklypparane brukte om lag 50 sekund per sau.

Lokale vinnarar

Bortsett frå den gjævaste klassa, NM i open klasse, der Børge Høyland frå Helleland vann, blei det to NM-titlar til Vindafjord og ein til Karmøy.
Og i open klasse for internasjonale klipparar, imponerte skotten Hamish Mitchell. Han har saman med sin norske sambuar, Jorunn Vesterøy frå Tysvær, kjøpt gard på Rame i Etne. Dermed blir også han av mange rekna som ein lokal vinnar.
I klassen for junior (dei som ikkje klipper så mange sauer årleg) vann unge Kenneth Eide frå Vikedal. I ei klasse over, vann Jarle Hegerland frå Torvastad.
Dei to VM-plassane i ullbehandling i Wales neste år, blir begge fylt av vindafjordingar. John Gerhard Håkull frå Skjold var kvalifisert på førehand. Den andre plassen tok Janine Grimås frå Vikedal. Ho gjekk heilt til topps i NM-finalen laurdag.
I den norske finalen for dei proffe klipparane, kom berre Inge Morten Tronstad frå Etne til finalen. Der vart den tidlegare meisteren sist, nummer fire.

Arrangørane var flinke. Alt fredags kvelden blei tonen sett då ein av dei utanlandske klipparane, Sutton, vann konkurransen i hurtigklipp (å barbere bort ull på lår og fell) på 19 sekund!
Programleiar for TV2-serien om ulike noregsmeisterskap, Sigurd Sollien, fekk korreks av sauekommentator nummer ein i Norge, Bjørnar Bakke frå Sør-Fron.
– Det heiter ikkje sauelabb, det heiter klauver, korrigerte Bakke. Før Sollien kledde av seg på overkroppen og konkurrerte i saueklipping med ein saueklippar frå Jæren som hadde bind for auga.
Gjett kven som vant?
Og så var det sauefest i Ølen kulturhus.



 

Siste nytt

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.