Haugesunds AvisNyheter
Luftig: Trolljuv bru ligg nesten ubrukt og kan bli base for norske strikkhopparar som blir nekta å bruka riks- og fylkesvegar til hobbyen sin. HØGT: Dette kan bli ei turistoppleving ved Åkrafjorden.
Etne: Norske vegbyråkratar har sett ein effektiv stoppar for strikkhopping langs alt av riks- og fylkesvegar. Nå trålar tromsøværingen Petter Kvalsvik landet på jakt etter mogelege objekt.
Eg fekk nyss om Trolljuv bru og denne er absolutt interessant, seier 41-åringen bak Midnight Sun Bungee Team.
Strikkhopping er blitt ei rikspolitisk sak etter at den luftige sporten i fjor blei nekta bruk av den gamle Svinesundbrua. Kvalsvik har ført klagesak til Sivilombodsmannen og skrive brev til statsminister Jens Stoltenberg.
Kva er det med konseptet strikkhopping som får statlege etatar og styresmakter til å gå fullstendig i vranglås? spør han i brevet.
Blant dei 10.000 registrerte bruene under Statens vegvesen er det gjeve generell nekt. Det hjelper lite at fleire av vegregionane har stilt seg positive.
Nå har Kvalsvik, som har drive med strikkhopping i 16 år, begynt å kartleggja alternative bruer. Han har hatt kontakt med Etne kommune og vil ta turen til Åkrafjorden for å sjå om den over 60 år gamle brua er eigna.
Trolljuv bru stod ferdig i 1942 og er i dag freda. Dette er ei 66 meter lang hengebru som ragar vel 60 meter over botnen av juvet. Etter at Åkrafjordtunnelen stod ferdig er dette ein reserveveg til E 134 og berre i bruk som turistveg. Det kan gje ei opning.
Eg trur ikkje kommunen har noko imot strikkhopping her, så lenge det går føre seg i ordna former og på ein sikker måte. Dette kan bli god reklameeffekt, seier Erik Kvalheim, fagansvarleg for kultur og miljøvern i Etne.
Petter Kvalsvik meiner strikkhopping kan bli ein stor aktivitet i Noreg, dersom styresmaktene legg godviljen til. Han meiner aktiviteten har eit kommersielt potensial.
Marknaden blir større og større, og eg skal ikkje ha problem med å bemanna fem bruer med tilbod om hopping, og sitja igjen med overskot.
Hopping frå vegbruer går føre seg i dei fleste land, men altså ikkje i Noreg. Og når det ikkje ein gong er politisk vilje for å få dette til på Svinesund, den suverent best veleigna brua i landet, viser det at Nasjonal reiselivsstrategi ikkje er verdt papiret han er trykt på, seier han.
Kvalsvik er i ferd med å gje opp etter alle avslaga, men vil gjera eit uformelt framstøyt mot vegvesenet i Hordaland. Han synest Trolljuv bru høyrest svært spennande ut, men tar atterhald om forholda tillet den luftige aktiviteten.
Publisert mandag 21. april 2008 kl. 00:00.
Sist oppdatert mandag 21. april 2008 kl. 07:41.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.