humpar av garde: Her, på Fv 46 i Nedre Vats, er vegen verre enn nokonsinne med svære humpar og sprekker som du kan spasera i. Vegvesenet ventar at noko vil siga på plass når over ein meter tele gir seg, men det blir store vegarbeid å ta fatt i når våren endeleg kjem. Det blir dyrt vegvedlikehald etter denne vinteren.

Hompetitten, h......

Verre enn nokon gong den siste mannsalderen. Det er tilstanden på våre vegar etter den harde vinteren. Send oss dine bilete av øydelagte vegar.

Annonse

(FOTO: Daniel Niazi Nappen)

Annonse

NEDRE VATS: – Personleg kan eg ikkje hugsa det så gale sidan 1985. Her blir mykje å gripa fatt i når vinteren slepp taket, seier prosjektleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen, Tønnes Frøyland.

Gamle vegar

Det er særleg på dei gamle vegane at det er ille.
 

Tips oss om dårlege vegar. Send bilete til redaksjonen@h-avis.no eller på MMS til 1932. Skriv hatips i tekstfeltet.


I Nedre Vats snakkar folk om ned til halvannan meter djup tele.

– Me ser merkbare skilnader der veg og veggrunn er av nyare dato og med nyare standardar. Her er skadane minimale. Men der gamlevegen ligg på dårleg grunn ser me humpar og vide sprekker, fortel Frøyland.

Ventar på vår

– Me må venta på våren før me kan setja i gang for alvor med utbetringane, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Einar Stange.

Han har ansvaret for vedlikehaldet i området Vegvesenet kallar Indre Ryfylke og som i hovudsak går frå Våg i Tysvær til Hordaland grense.

Det blir å tetta sprekker, drenera og asfaltera om att. Om det nokon stader kan bli aktuelt å grava vekk heile vegen, skifta massar og leggja vegen på nytt, tør ikkje prosjektleiar Frøyland seia noko om i dag.

– Det blir jo også eit pengespørsmål. Me har knappe midlar til vedlikehald av vegane.

Ille andre stader

I tillegg til riksvegen, som no er blitt fylkesveg, frå Knapphus til Sandeid (særleg ned til Nedre Vats), er det også tydelege vinterskadar på vegen frå Grinde til Skjoldastraumen.

Magne Heggland i Statens vegvesen fortel at det også i Sunnhordland er dei eldste vegane som har fått den største trøkken.

– Fv 545 mellom Sagvåg og Fitjar har mange humpar og sprekker. Men her er uvanleg mykje vinterskade på ei rad andre vegar i Sunnhordland, også, seier Heggland.

Ikkje minst ser ein no setningssakder der vegkantar har sige ned.

Mykje asfalt

Statens vegvesen har lyst ut kontraktar på vedlikehaldsasfaltering i 2010 for om lag 1,5 milliardar kroner.

Summen er omtrent den same som i fjor, før regjeringa si tiltakspakke.

Dermed blir asfaltering på eksisterande vegar mindre i år enn i fjor. Dei statlege riksvegane, som E 134 og E 39, får 520 millionar kroner til asfaltering. Det er mindre enn i fjor.

Totalt skal 2.470 km veg lappast eller vedlikehaldsasfalterast.

I fjor blei om lag 130 km veg asfaltert eller lappa på ny i Haugaland og Sunnhordland distrikt.

I år er asfalteringskontraktane i heile region Vest av Statens vegvesen delt inn i 20 kontraktar for legging av såkalla nye slitedekk.

I tonn skal om lag 25.000 tonn asfalt av totalt 74.000 tonn i Rogaland leggjast på Haugalandet. I Hordaland skal ca. 34.000 tonn av i alt 119.000 tonn ny asfalt leggjast i Sunnhordland og indre Hardanger.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.