Ja til Skånevik-tunnel

Fylkessamferdsleutvalet i Hordaland sa samrøystes ja til konsekvensutgreiing av tunnelen.

Annonse
Annonse

SKÅNEVIK: Samstundes understrekar fylkespolitikarane kor viktig det er at planarbeidet må ha god framdrift for at tunnelplanane blir sett i samband med revidering av Nasjonal Transportplan.

Prosjektleiar Victor Carlsen jr. i tunnelselskapet seier han no går breitt ut til næringslivet for å samla inn pengar til konsekvensutgreiingane.

Positive signal

Han reknar med at dei treng to millionar kroner.

Næringsdrivande i Skånevik stiller opp med 200.000 i denne omgangen.

Vidare fortel Carlsen jr. at entreprenørar både på Etne- og Skånevikssida har bede om å få ta hand om steinen frå tunneldrivinga.

No gjeld det at etnepolitikerane vel minste motstands veg, som ikkje forseinkar prosjektet, elles kan tunnelen bli forseinka med ti år, seier Carlsen jr.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.