MUSIKKFABRIKK: Den nedlagde hermetikkfabrikken kan bli musikkskule som filial til Etne vidaregåande skule.
Kan bli bluesfabrikk
Skånevik kan få landets første bluesgymnas.
Skånevik: Sauda har volleyballinje og Sveio golfskule. Her i den nedlagde hermetikkfabrikken i Skånevik kan det om eit år eller to bli opplæring i gitarsolo og bluesoppbygging.
Får me dette til blir me først i landet med dette tilbodet. Det finst ei slik linje ein stad i Sverige. Dette må kommunen vera med å støtta opp under, sa Alf Ove Nilsen (Ap) då Etne formannskap behandla saka.
Og politikarane fann melodien og røysta for forslaget frå rådmannen om at kommunen sender søknad til Hordaland fylkeskommune om ei eiga musikklinje innan sjangeren blues, rock og soul under Etne vidaregåande skule med oppstart komande skuleår.
Bluesbygd
Skånevik fekk for to år sidan statlege distriktsutviklingsmidlar til bluesprosjekt, sin eigen musikkfestival i denne sjangeren og kan med rette kalla seg bluesbygda. Ei gruppe beståande av blant andre rektor Arild Stenberg, Inger Karin Larsen frå Bluesbygdprosjektet og Alf Warloe Christophersen frå Skånevik Bluesfestival har gjennom prosjektplanen "Bluesfabrikken i Skånevik" skissert opp korleis det nye treårige utdaningstilbodet med studiekompetanse kan gjerast.
Planen er eit årleg inntak på 15 elevar, men på sikt kan dette doblast. Teorien skal gjennomførast i Etne, medan all praktisk opplæring skal gå føre seg i bluesbygda. Initiativtakarane har vore i kontakt med eigaren, Arnold Holmedal på Stord, har den tidlegare hermetikkfabrikken som er positiv til planane.
Det er fylkeskommunen som avgjer om og når prosjektet kan gjennomførast. Initiativtakar til bluesskulen er Marianne Langhelle.