Kjøpmann Rolf Alne i Vikebygd inviterte heile bygda på betasuppe med meir. Og bygdefolket kom - med 250 rundt borda var bygdehuset heilt fullt. Bygdefesten blei ein blanding av underhaldning, innsamling til "Folkets gave" og info om Vikebygd.
- Kjøpmannen er gal
- Kven lokkar 250 vikebuar ut i snødrevet til fest på bygdehuset ein ganske alminneleg sein torsdag ettermiddag?
Heile familiane møtte opp. Her ser me frå venstre Ole Johan, Ingrid, Tore og Laila Espeland. I bakgrunnen ein av servitørane; Lionspresident Dominikus Bjordal.
VIKEBYGD: - Ja, eg veit eg er galen. Me har dekka til 255. Så mange har aldri ete på Vikebygd bygdehus. Og no er eg blitt grønskolling i tillegg, gliser Jokerkjøpmann Rolf Alne i Vikebygd.
Han let hendene gli over det nyfarga håret. Det var dei lokale frisørane som lurte han ute på kjøkkenet.
Alne er som vanleg pesande hektisk og har nett ønskt 250 sambygdingar velkommen til bords.
Betasuppa, som han sjølv har laga, salt og kjøttfull, pølser til barna og is til dessert.
Ei dugnadsbygd
Skjold og Vikebygd Lions, med president og Sp-politikar Dominikus Bjordal i spissen, piler av garde med suppekara.
- Skulle ikkje du vore i Ålesund på Senterpartiets landsmøte?
- Nei, du veit eg var med og sprengde Venstre på Røros i 1972. Det får halda. Men det var gyseleg gøy, ler 75-åringen.
At 250 av Vikebygds 537 registrerte innbyggjarar møter i tillegg til ein god del hyttefolk, viser at her er det gode bygdekjensler.
- På 17. mai treng me 50 frivillige frå me står opp og heiser flagg i parken til den store familiefesten på bygdehuset om kvelden, seier leiar i bygdehusstyret, Gunn Vikingstad.
Spørsmålet bygdefolket fekk ut på torsdagskvelden var om ein skulle kutta ut familiefesten. Dei me snakka med, meinte den måtte halda fram. Over 200 møter fram kvart år.
Veg er velkommen
Rune Hetland i det ferske grendeutvalet gler seg over folkevekst. Men vegen mellom Skjold og Vikebygd må snarast rusta opp. Det er sak nummer ein for utvalet.
Hovudsaka på bygdefesten i går var likevel "Folkets gave". Kjøpmann Alne, Jokerkjeden og stiftinga, med rådsleiar Håkon Randal i spissen, var på plass i Vikebygd. No er startskotet gått og "Folkets Gave" har alt mellom fire og fem millionar kroner på bok til rehabiliteringa av Revmatismesykehuset i Haugesund.
Planen er å vera i mål i 2012.