Haugesunds AvisNyheter
Stykkjet, av Franz Arnold og Ernst Bach, er oversett frå dansk og har alle dei element ein forventar å finna i ein farse.
Tilsaman ti skodespelarar må til for å fylle dei elleve rollene i stykkjet. Men i det aktive teaterlaget på Sandeid er ikkje dette noko problem. Her er interessa for å stå på scenen så stor at utfordringa låg heller i å finne eit stykkje med nok rollefigurar.
Me leita lenge for å finne noko som passa. Alle ville vera med på scenen, fortel Olaug Mari Øen frå teaterlaget.
Farsane me tidligare har spela har slått godt an blant publikum, og me trur dette blir ein bra forestilling, sier Øen.
Kjærleik, truskap, utruskap og ein god porsjon kvite løgner er sentrale tema når den rike fabrikanten og skjørtejegaren Julius Fibel freistar å gifte bort dottera si til den lite attraktive ungkaren og kompanjongen Max Stieglytz.
Dottera på si side ynskjer ein erfaren friar som har levd livet, og er slett ikkje begeistra for farens valg.
For å fanga dottera si interesse vert løysinga å dikte opp ein rekkje historiar der friaren framstår som ein omsverma jentefut.
Resultatet let ikkje vente på seg. Snart er Stieglytz ein populær herre blant jentene, og Fibel er ein steg nærare sitt mål.
Teaterlaget har mange framsyningar å sjå tilbake på. Alt frå revy til Holberg har stått på programmet opp gjennom åra.
Årets oppsetjing er nummer nitten i rekkja, og til neste år vert det jubileum. Ensemblet har jobba heilt sidan tidlig i haust med planleggjing og øving.
Ikkje minst arbeidet bak scenen med kostymer, kulisser og sminke er krevjande. Her er femten personar i sving for å leggja alt til rette slik at resultatet skal bli så bra som mogeleg. Instruktør er Jostein Apeland.
Etter framsyninga vert det dans med musikk av Svein og Vegard. Farsen vert også synt neste fredag. Deretter går turen til Fjeldberg for ei siste framsyning.
FARSE: Lars Handeland som kompanjongen Max Stieglitz saman med dottera Gerda, spela av Hilde Margrethe Owe.
FARSE: Fabrikanten Julius Sibel (spela av Asbjørn Lervik) freistar å gjera kompanjongen Max Stieglitz (spela av Lars Handeland) staseleg og attraktiv for å få han gift med dotter si.
Publisert torsdag 21. februar 2002 kl. 00:00.
Sist oppdatert torsdag 21. februar 2002 kl. 00:00.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.