KOLONNE: Statens Vegvesen skal arbeide i Haukelitunnelen også på dagtid. Dermed blir det kolonnekjøring heile døgnet.
Kolonnekjøring døgnet rundt
Meir arbeid må til i Haukelitunnelen for å auke tillatt kjøretøyhøgde til 4,20 meter.
SAMFERDSEL: Ifølge ei pressemelding har Statens vegvesen utvida kolonnekjøringa i Haukelitunnelen til også å gjelde på dagtid.
Det er frå før innført kolonnekjøring på nattetid grunna elektroarbeid i tunnelen.
Haukelitunnelen har tidlegare vore skilta med tillate høgde på 4 meter. Statens vegvesen har dei siste åra utbetra tunnelen med sikte på tillatt kjøretøyhøgde 4,20 meter.
I samband med sluttføringa av dette arbeidet viste kontrollmålingane at det framleis står att nokre punkt som ikkje tilfredsstiller krava. Det vil no mellom anna bli sett i verk tiltak på desse punkta.
Portalane og deler av tunnelen som er utstøypt vil framleis ikkje fullt ut tilfredsstille høgdekravet. E 134 over Haukeli er underlagt vernestatus, noko som gjer at tunnelportalane ikkje kan endrast. Dei utstøypte partia kan ikkje utbetrast av omsyn til tryggleiken i tunnelen.
Det arbeidet som til no er gjort er likevel ein stor fordel for tungtrafikken, men for å kunne tillate permanent kjøretøyhøgde på 4,20 meter, må portalane og dei utstøypte partia markerast så tydeleg at sjåførane kan vurdere andre møteplassar.
Kolonnekjøringa i Haukelitunnelen vil halde fram til utbetringane er gjort og markeringane er på plass.