Haugesunds AvisNyheter
UTFOR VEGEN:I går song Hanne Krogh for fullsett kyrkje i Haugesund. På veg til Skånevik i dag hamna konsertbussen hennar i grøfta.
Etne: Me måtte kasta oss rundt, få tak i ein stor varebil og henta alt utstyret som stod stranda i grøfta. Heldigvis fekk me frakta det til hotellet for rigging i god tid før konserten. Dermed kunne programmet gå som planlagt, opplyser dagleg leiar Inger Karin Larsen ved Skånevik Fjordhotel.
Stjerna sjølv, Hanne Krogh, var ikkje om bord i bussen då den tysdag ettermiddag køyrde utfor vegen ved Sandvik - på Fylkesveg 34 mellom Skånevik og Etne.
Nei, Krogh kom i privatbil. Dei som køyrde bussen er ikkje kjende i området, og køyrde etter GPS. Men satelittnavigeringa svikta ganske kraftig då dei vart sende inn på gamlevegen. Den er så smal at det enkelte plassar ikkje går to bilar i breidda. I tillegg er ikkje vegen salta, så den er såpeglatt, fortel Larsen.
Hotellsjefen venta full sal til Hanne Krogh-konserten.
Ho er veldig populær her. I fjor selde me ut alle billettane. Det gjer me nok i år også.
Vart du stressa då du høyrde om utforkøyringa?
Neida. Eg er berre glad for at alle kom heile frå uhellet. Det er tross alt det viktigaste, seier Inger Karin Larsen - likevel glad for at Hanne Krogh nok ein gong kunne syngja jula inn i Skånevik.
Publisert tirsdag 18. desember 2007 kl. 00:00.
Sist oppdatert tirsdag 18. desember 2007 kl. 20:00.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.