Kraft på eiga hand i Åkrafjorden

Ein draum frå midten av 1990-talet er realisert: Svein Henning sin første generator, Rafdal 2, sviv og leverer kvar dag straum på nettet.

Annonse

Svein Henning og turbinane: Svein Henning Rafdal (46) har hektiske dagar i kraft stasjonen med to turbinar i Rafdal ved Åkrafjorden. Den minste turbinen sviv alt og leverer straum på nettet. Om to månader er det full produksjon frå både Rafdal 1 og Rafdal 2. Foto: sigmund hansen

GOD HJELP: Ungdomsskuleeleven Kees Andre Fjellvang er med og hjelper til å skru fast røyra inne i kraftstasjonen.

PRODUKSJON: Det er den minste turbinen, Rafdal 2, som er komen i produksjon. Rafdal 1 startar 1. september.

IKKJE FERDIG: Kraftstasjonen nede ved Åkrafjorden får vatnet i fall på opptil 490 meter i Rafdal. Medan produksjonen er starta, pågår arbeidet med å gjera bygget ferdig.

TO RØYR: Vatnet kjem frå to ulike elvar; Rafdalselva og Heimeelva.

Annonse

ETNE: Om eit par månader er også den monaleg større generatoren, Rafdal 1, i full gang. Då vil kraftstasjonen heilt nede ved Åkrafjorden i Rafdal levera elektrisk straum tilsvarande årsforbruket til 450 norske husstandar.

– Og så sparer eg storsamfunnet for utslepp av 8.000 tonn CO2 samanlikna med kraft frå eit kolkraftverk, legg han til.

Ein lang veg

For rafdalsbonden, den einaste fastbuande i Rafdal, har det vore ein lang veg. Han har vald å kjøre utbygginga i eigen regi.

– Her er stor fallhøgd på kraftanlegga mine og også ein viss "fallhøgd" i lommeboka, ettersom eg har valt ikkje å alliera meg med nokon profesjonell utbyggjar/drivar.

– Kvifor det?

– Går du inn i eit partnerskap skal andre ha halvparten av det du tener.

Men kraftkaren i Rafdal har sjølvsagt nytta seg av profesjonell hjelp: Både ingeniørfirmaet Bysøl i Vik i Sogn som er spesialistar på småkraftutbygging og hydrolog frå NTNU.

Sa nei

Då Svein Henning (46) presenterte prosjektet sitt for ein lokal bank, var svaret nei. 22 millionar var for stort for dei, fekk han høyra.

Landkreditt sa ja, men den tidlegare bomvakta på E134 i Åkrafjorden (han var der i 16 år, heilt frå starten og slutta nyleg og har ikkje sakna bommen eit minutt) seier at dei tunge investeringane gjer at det nok er mange år før han kan henta utbytte or aksjeselskapet sitt, Rafdal Energi A/S.

– Eg gjer mykje av arbeidet sjøl og tar ut arbeidslønn, ikkje meir, seier han.

Selde krafta

For å vera på den sikre sida, har han seld halvparten av kraftproduksjonen dei første fem åra til Statkraft. Resten gamblar han med på den såkalla spotmarknaden.

– Kva betyr eit øre opp på kraftprisen for den halvparten du sjølv sel?

– På årsbasis betyr det rundt 50.000 kroner for halve produksjonen, men desse prisane kan slå ut begge vegar. Eg har fokus på å koma i gong med full kapasitet.

Hittil har prisutviklinga vore på Svein Henning Rafdals side, sånn i det store og heile:

Då han fekk utarbeidd budsjett for kraftutbygginga, hadde dei som føresetnad ein kraftpris på 22 til 25 øre. No ligg dei langvarige kraftprisane på rundt 45 til 50 øre kilowatten.

Fleire utfordringar

Det såg fleire gonger svart ut for Svein Henning Rafdals kraftplanar.

Ikkje minst då SØK (Skånevik og Ølen kraftlag) reiv fjordspennet over Åkrafjorden på grunn av alder.

– Eg hadde tenkt å kopla meg på dette nettet. No har eg i staden tatt kostnaden ved at SØK bygde ny linje frå Rafdal til Teigland. Det blei ein snau million ekstra, det og, fortel han.

Stor produksjon

Utan dei store vassmengdene, får Rafdal likevel ganske stor produksjon (10 GWh) – sannsynlegvis det største småkraftverket i Etne til nå.

– Det skuldast det høge fallet. Til Rafdal 1 generatoren har eg eit fall frå Tretteteigen og Heinaelva på 490 meter. På den mindre Rafdal 2, Rafdalselva, har eg eit fall på 190 meter, fortel han.

– Kva er du mest spent på no?

– På om alle estimata for nedbør held stikk og på korleis maskineriet funkar. Montørane kjem snart att for å finjustera Rafdal 2 og for å gjera Rafdal 1 heilt produksjonsklar. Markhus Maskin er i full gang oppe i fjellet med siste røyrbeten og eit lite basseng.

1. september håpar Svein Henning Rafdal at han er den stolte kraftprodusent frå to turbinar. Det blir neppe sommarferie med det første.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.