KUTTAR: Klinikkdirektør Anne Lise Kvalevaag avviser at stykringa i Haugesund skjer på bekostning av Valen.
Kuttar på Valen, aukar i Haugesund
Helse Fonna fjernar ein pasientpost og 13 årsverk ved Valen sjukehus. Samstundes vert Haugesund sjukehus styrkt med éin ny post og ni årsverk.
HELSE: I følge Kvinnheringen kjem dette fram i eit omstillingsdokument for psykisk helsevern i Helse Fonna.
Bakgrunnen for omstillingane er budsjettet for 2010, der styret vedtok økonomiske kutt og å fjerna 47 stillingar i helseføretaket. Dette er seinare redusert til om lag 40 stillingar.
Avisa melder vidare at medan Valen sjukehus får ein pasientpost mindre, mister 13 årsverk og får dramatiske kutt i variabel løn, vert den psykiatriske avdelinga i Haugesund bygd opp frå to til tre postar og får ni nye årsverk.
Klinikkdirektør Anne Lise Kvalevaag avviser at styrkinga i Haugesund skjer på bekostning av Valen.
– Oppbygginga i Haugesund vart vedteken av styret i Helse Fonna i 2008. Det skjer no fordi vi har fått pengar til oppbygging av ein ny rus-post der, seier ho til Kvinnheringen.