Leiar i Etne elveeigarlag, Nick Jacobsen, ber om at det blir slutt på fisket ute på den kommunale moloen ved osen til Etneelva. Her skjer uregistrert stongfiske med reiskap som ikkje er desinfisert året rundt.
Lei tjuvfiske i osen
Styret i Etne elveeigarlag vil ha kommunens hjelp til å stoppa det uregulerte fisket frå moloen ved elveosen.
ETNE: Fastbuande og turistar, somme til og med i bubil som dei søv i på den kommunale moloen, halar laks og annan fisk opp or elveosen i Etne.
Det blir fiska året rundt frå moloen og det blir nytta fiskeutstyr som ikkje er desinfisert og som kan spreia sjukdom til elva, seiar Nick Jacobsen. Han er leiar i Etne elveeigarlag.
Utan kontroll
Elveeigarlaget peikar på at molofisket går føre seg utan nokon form for kontroll, korkje med minstemål eller om det er villaks eller oppdrettslaks folk dreg på land.
Sven Ove Retland, busett i Sør-Rogaland og eigar av deler av rettane i høl 1 i Etneelva, reagerer også på at betongbilar blir reingjorde i sjøkanten.
Han er også bekymra for nybygget til MCE (Maritime Contracting Etne) på Tongane. Han vil vita korleis avløp, takvatn og drens er planlagt i høve til elva.
I periodar med lite vatn, står elva omtrent stille i Osen og då vil eikvar forureining få store konsekvensar, skriv Retland.
Forbod
Erik Kvalheim i Etne kommune seier det faktisk er forbode å fiska laks på den kommunale moloen.
Me hadde eit skilt som viste kor elveosen gjekk. Dette skiltet har diverre blåse ned. Me skal setja opp eit nytt og orientera om at det er forbode å fiska inntil 200 meter utanfor dette skiltet. Det betyr i praksis at fiske på moloen ikkje er lovleg etter lakselova, seier Kvalheim.
Kven skal syta for at ingen fiskar ulovleg på moloen i Etne?
Det er ei oppgåve for politiet. Men kommunen skal syta for klartekst på skilta, svarar Kvalheim.
Uvanleg
Leiar i elveeigarlaget, Nick Jacobsen, seier at så vidt han kjenner til, så er det ingen plassar i Norge med lakseførande elvar der det blir fiska heilt inn mot osen, slik som i Etne.
Me ønskjer eigentleg at kommunen forbyr fiske på moloen og i tillegg lagar ei fredingssone.
I brevet frå elveeigarlaget blir det skreve at dei meiner elveinnløpet startar ved moloens ytre ende. Elveeigarane ber om at fiskeforbod på moloen blir kunngjort av kommunen.