HOLBERGPRIS: Maria Gjerde, Maria Vårvik, Sigrid Lobekk, Ester Alida Vold
Lundeneset nominert til Holbergprisen i skulen
Lundeneset vidaregåande skule i Ølensvåg er ein av tre vidaregåande skular som er komne til finalen i kampen om Holbergprisen i skulen dette året. Dei to andre er Mysen videregående skole og Vadsø videregående skole.
VINDAFJORD: Den endelege plasseringa blir offentleggjort 8. juni. Då skal statsråden for høgare utdanning, Tora Aasland, dela ut prisen på Katedralskolen i Bergen. Vinnaren av Holberg internasjonale minnepris 2011, Jürgen Kocha, skal dela ut diplomar til elevane.
- Me vart overraska då me kom til finalen. Berre å vera blant dei tre beste, er kjekt, seier gruppeleiar Maria Vårvik. Ho og resten av gruppa går alle på VG1.
Del på Facebook
Lundeneset sitt bidrag i konkurransen ber namnet «Brysame byrdar». Dei er med i konkurransen om 15.000 kroner.
Andrepremien er på 10.000 kroner og tredjepremien på 5.000 kroner.
Det er ein fagjury under leiing av dr. art. Henrik G. Bastiansen ved Høgskulen i Volda. Ifølge ei pressemelding arrangøren har sendt ut, vil årets finalistar få ros for høg kvalitet og god geografisk spreiing.
Les meir om oppgåva og dei flinke elevane i Haugesunds Avis på tysdag.