Stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) tok 280 sauebønder med storm då han åtvara mot nedbygginga av no rsk landbruk. Ei nedbygging som kan kosta dei raud-grønne livet, sa han.

Lundteigen heva opprørsfana

– Dersom bøndene og distriktas folk ikkje lenger står bak dei raud-grønne, er det mørkt lenge før kvelden for denne regjeringa, sa stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen til dundrande applaus i Ølen i går.

Annonse
Annonse

ØLEN: – Eg var med i landbrukets berømte Hitraopprør i 1975. No byggjer me ned dyrka areal, raderer vekk familiebruka medan befolkninga som skal ha mat i dette landet aukar. Me importerer meir og grossererane har fått mykje meir makt over matvareomsetninga enn produsentane. Me treng eit nytt Hitra-opprør, sa stortingsrepresentant Lundteigen (Sp) då han tala til 280 sauebønder på stormøtet om sau i Ølen kulturhus mandag kveld.

Lundteigen viste til sin heimkommune i Buskerud, med like mykje dyrka jord som heile Finnmark fylke, men med berre fem mjølkeprodusentar tilbake.

– Bondekulturen i vårt land rystar i sine grunnvollar. Snart bur det ikkje folk som lever av jorda på nokon av gardane med gardsnamn som sluttar på «dal, berg og ås», åtvara Lundteigen.

Samdriftsproblem

– Sanninga om mjølkesamdrifter i Norge er at dette er det nye dugnadsjordbruket. Fleirtalet på Stortinget er varme tilhengjarar av slike samdrifter, men økonomisk er det rein dugnad. Difor vil nokre teoretikarar no løysa problemet med større produksjonstillegg og meir tilskot til samdrifter på be- kostning av dei tradisjonelle familiebruka.

– Familiebruket, som har vore ein del av kulturen og som er så flott, det skal teoretikarane no setja til side. Sjøl om våre eigne, norske røynsler har vist at fa miliebruket er overlegen både amerikansk storindustridrift og sosialistiske system.

– Mjølkeprisen må opp minst ei krone literen til bonden. Det betyr 1,25 kroner meir for forbrukaren. Også prisen på storfekjøtet må opp og me må i staden for å byggja ned landbruksareala, dyrka opp meir land. Me har auka befolkninga med 50.000 på få år. Auken i dyrka areal skulle vore på 100.000 da for å følgja dette opp. I staden har me redusert det dyrkbare arealet med 90.000 da..

– Eg blir aldri så radikal som når eg reiser i Nord-Norge og ser at jorda ligg brakk over enorme område. Dette i ei tid der Kina prøver å kjøpa seg jord til å dyrka i Afrika og der Obamas matminister snakkar om at alle land må syta for sjølforsyning av mat. I Norge går me motsett veg, konstaterte Lundteigen.

Framtida grøn

Lundteigen trøsta seg med at framtida er grøn og at sauen er ypperleg for norsk natur. Både kjende fag- foreningsleiarar (Jan Davidsen i kom- muneforbundet), Natur og Ungdom og Stein Lier Hansen i industriforeninga kalla Lundteigen for viktige støttespelarar for norsk landbruk og norsk matproduksjon.

– No må gardbrukarane vakna, sa Lundteigen og svara slik då Jan Kvinnesland spurte om kva Jens Stoltenberg kan om landbruk:

– Det var heime i fjøset mitt at Stoltenberg lærte kva ei ku et for å produsera mjølk, svara Lundteigen.

Martin Reed, Skjold tok opp urettvis fraktpolitikk:

– I dag er det nesten meir i fraktutlegg for tomater frå Skjold til Oslo enn frå Holland til Oslo, sa Reed.

Hans Ness, Skjold, kalla Lundteigen «ei einsleg svale» og spurte om han fekk andre politikarar med seg på auka norsk jordbrukssatsing.

– Eg kunna valt å sei at det går ganske bra, men då ville eg snakka mot betre vitande. Eg har trassa dei som har bede meg dempa meg. For dette politiske teateret kan ikkje fortsetja: Landbruksarealet blir bygt ned, nesten ingen ungdommar søk-jer til landbruksutdanninga og investeringar i gardsdrift er lite rentabelt, svara Lundteigen.











 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.