Medan mamma Ada var heime i to år med Sondre (4 1/2), er det no pappa Tore Scheffler som er heime med Kristian (11 månader).
- Må avgjera sjølv
Mens mamma hadde permisjon dei første månadene er det no pappa som er heime med Kristian (11 månader). Likevel meiner familien dette må vera opp til den enkelte.
FEDREKVOTE: – Eg er heilt eining med damene i Høgre. Om ikkje familien sjølv skal få avgjera kva som er best for borna vert det statleg overformynderi, seier Tore Scheffler.
Høgres kvinneform gjekk i går ut og sa at til Adresseavisen at dei vil fjerna fedrekvoten frå foreldrepermisjonen, og heller gje familien full valfridom på korleis dei vil nytta tida. I dag mister familien dei ti vekene om ikkje far nyttar dei.
– Det er ikkje svart/kvitt, og dei ti vekene kan ha hatt gode effektar, men det må vera opp til den enkelte familie, meiner Scheffler.
Sonen Kristian vart fødd i februar i fjor, altså før fedrekvoten vart auka til ti veker. Dei første månadene var mamma Ada Scheffler heime med minsteguten, men fordi ho begynte i ny jobb på nyåret fann familien ut det var best at far var heime med Kristian fram til august.
– Eg syns det er greitt å dele permisjonen, hovudpoenget for oss er å utsetja barnehagen litt, seier ho.
Då eldstesonen Sondre vart fødd for 4,5 år sidan var ho heime i to år, og dette ser ekteparet på som ei ideell løysing.
– Treng mor mest
– Så små ungar treng mor meir enn far. Det er bra å amme i to år, kommenterer Tore Scheffler, og legg til at far uansett er den nest beste omsorgspersonen.
Den lønna delen av permisjonen er no over for familien, men han får noko kompensasjon frå Marcello consulting der han til dagleg jobbar.
Også kona sin arbeidsgjevar Haugesund kommune er med å tilretteleggje for den utvida permisjonen.
– Eg får to timar ammepermisjon kvar dag og det er kjempefint, fortel Ada Scheffler.
Likestilling
Dagbladet skriv at både regjeringspartia og Venstre er kritiske til forslaget som vert fronta av Linda C. Hofstad Helleland, som er leiar av Høgres kvinneforum og medlem av familie- og kulturkomiteen på Stortinget.
Barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken kallar utspelet for dramatisk, og skriv på sin blogg at det vil øydeleggja ein av berebjelkane i norsk likestillingspolitikk.
«Framleis er deler av arbeidslivet slik at mange menn sliter med aksept for å få være borte fra jobben når barna er små, og fortsatt møtes for mange fedre med den haldning at foreldrepermisjon er mors rettighet alene. Resultatet av det nye Høyre-forslaget vil difor bli at færre fedre får høve til å være heime, mens flere mødre vil være meir utenfor arbeid», skriv Lysbakken.