NØGD:Sigmund Skjold i Sunnhordland Kraftlag var nøgd med både presentasjonen og oppmøtet då SKL og NVE inviterte til folkemøte om utbygginga i Blådalsvassdraget på Åkrafjordtunet i går kveld.
Meir kraft frå Blåfalli
Sunnhodland Kraftlag har søkt NVE om å få byggja ut Blådalsvassdraget med enno eit trinn førstkommande sommar. Trass i at området som blir råka grensar til Folgefonna Nasjonalpark, ser det ut til å vera lite usemje om prosjektet.
KVINNHERAD/ETNE:Omlag 20 tilhøyrarar møtte opp på NVE og Sunnhordland Kraftlag sin presentasjon av neste steg i utbygginga av Blådalsvassdraget på Åkrafjordtunet i går.
Tidlegare på dagen var det og planlagt ei synfaring med helikopter til vassdraget, men dette måtte gå ut grunna dårleg ver. Det blei difor med plansjar og bilete for dei som ynskte å ta utbyggingsplanane nærare til ettersyn. Det var Sunnhordland Kraftlag som inviterte politikarar og andre interesserte til å sjå kva konsekvensar utbygginga vil få.
Utbygginga er neste steg i SKL sin generalplan for Blådalsvassdraget, og planane går ut på å overføra vatn frå fleire bekker i Eikemovassdraget til Øvre Vetrhusvatnet i Blådalsvassdraget via ein tunnel. Vidare blir vatnet leia gjennom eksisterande overføringstunnel til Blådalsvatnet.Herfrå blir vatnet utnytta i kraftverket Blåfalli III og deretter i det nye kraftverket Blåfalli Vik.
Sunnhordland Kraftlag har søkt NVE om konsesjon, og planane er no ute på høyring fram til fristen går ut 18. januar neste år. Søknaden omfattar overføring av i alt fem bekker og to vatn frå Eikemovassdraget til Øvre Vetrhusvatnet. Tidlegaste oppstart av anleggsarbeidet er sommaren 2008, og byggetida er vurdert til å vara i eitt og eit halvt til to år.
Berører Folgefonna
I utgangspunktet skulle ikkje ei slik utbygging føra med seg store protestar, men området ligg tett opp mot Folgefonna nasjonalpark og inn i eit større inngrepsfritt område.
Området strekk seg frå fjord til fjell, og er omlag 48 kvadratkilometer. Stavangerfirmaet AMBIO har foretatt konsekvensutgreiinga, og meiner at det er dette inngrepet som gjev størst negativ verknad i planane.
Det er små sjansar for avbøtande tiltak utover å ta ut alle inntaka aust for Skreddalen. Det vil seia fem av i alt sju inntak. Då vil prosjektet ikkje bli regningsvarande for utbyggaren.
To representantar frå AMBIO redegjorde for desse og andre konsekvensar av ei utbygging på møtet i går, og konkluderte med at trass i inngrepet på områda opp mot Folgefonna nasjonalpark, så vil utbygginga resultera i svært få negative ringverknader på natur og geologi. Ulla Ledje i AMBIO understreker likevel at slike vurderingar alltid er litt trøblete:
Det er alltid vanskeleg å verdisetja skade på landskap i ei konsekvensutredning som denne, seier ho.
Nøgd med oppmøtet
Sunnhordland Kraft sin saksbehandlar, Sigmund Skjold, var svært nøgd med oppmøtet, og ser no fram til å koma i gong med arbeidet.
Ja, det verka som dei fleste var positive til utbygginga, og det var berre avklarande spørsmål kring økonomi etter presentasjonen, seier Skjold.