TRENG KAPITAL: Gjennom Kvalabedrifta Hydrea har Eivind Andersen utvikla dette portsystemet og nå håper styreleiaren i Safeguard Control på statleg draghjelp og at Innovasjon Norge kan bidra til å få laga prototype av eit anna mobil produkt.
Milliardar til gründerar
Eivind Andersen (73) i haugesundsbedrifta Safeguard Control AS håper på ein bit av det mykje omtala milliardfondet.
NÆRING: 2,2 milliardar kroner har regjeringa foreslått til eit nytt statleg investeringsfond som skal bidra til at bedrifter i utviklingsfasen skal få tilgang til risikovillig kapital. Fondet som skal administrerast av Innovasjon Norge, er eit av fleire tiltak i statsbudsjettet som skal få fart på innovasjonssarbeidet og gründerskapen i landet.
Dette høyrest spennande ut. Me er i ein fase der me treng denne type kapital for å koma vidare med ein prototyp for eit unikt produkt som i hovudsak er meint for den internasjonale marknaden, seier dagleg leiar og medeigar Einar Vaardal Lunde i Safeguard Control AS.
Stor etableringsvilje
Auka satsing på forsking, innovasjon, reiseliv og maritime næringar er regjeringa sitt bidrag for å skapa nye arbeidsplassar og verdiskaping i landet. I tillegg til det nye milliardfondet, har Innovasjon Norge fått auka si ramme med 69 millionar til nesten 1,2 milliardar.
Innovasjon Norge er godt tilfreds med fredagens pengedryss. 25 millionar av dette er øyremerkt miljøprosjekt i maritime næringar og utvikling av nærskipsflåten, medan reiselivssatsinga får 215 millionar (pluss 15). I tillegg er satsinga på forskings- og utviklingskontraktar vidareført med heile 250 millionar kroner.
For oss er dette eit godt budsjett. Her er det bra med pengar til å realisera gode idear og skapa framtidsretta arbeidsplassar, kommenterer assisterande divisjonsdirektør Harald Nordal i Innovasjon Norge.
Direktøren viser til at det stor etableringsvilje rundt om i landet og at det aldri blir nok av midlar. Nordal trekkjer særleg fram fokuset på kvinnelege gründerar og at det nå blir rom til å få enda fleire jenter inn i næringslivet.
Nålauga
Det nye fondet på 2,2 milliardar, som er ei reetablering av det tidlegare SND-investeringsfond, skal prioritera satsingsområda energi, miljø, reiseliv, marin og maritim sektor, med særskilt fokus på klima og miljø. Av eigenkapitalen blir 0,5 milliardar øyremerkte investeringar i marint næringsliv.
Alf Olav Grinde i Haugaland Vekst IKS er tilfreds med at Innovasjon Norge får auka sine ressursar.
Det er eit nålauga å koma gjennom med ein søknad om tilskot til utvikling og etablering hos Innovasjon Norge. Auka rammer vil kanskje medføra at fleire tilfredsstiller kriteria og det er bra. Eit nytt statleg investeringsfond kan også bidra til at gode prosjekt lettare kan få tilgang til risikokapital, men igjen vil dette først og fram vera retta mot dei "store", seier Grinde.
Utviklingskontrakt
Safeguard Control AS er ei knoppskyting av Kvala-bedrifta Hydrea som er kontrollert av Eivind Andersen. Det ferske selskapet er i utviklingsfasen av eit produkt som skal slusa personar ut og inn av høgrisikoutsette område.
Me har alt fått 100.000 kroner av Innovasjon Norge i utviklingsstipend og er glade for kvar ei krone. Men skal me koma vidare med prosjektet, treng me fleire millionar kroner. Nå jobbar me mot Forsvaret og Innovasjon Norge for å få finansiert ein offentleg utviklingskontrakt som vil era avgjerande for å lukkast, seier Einar Vaardal Lunde.
arne.frokedal[AT]haugesunds-avis.no
"Håper på statleg draghjelp"
Eivind Andersen, Safeguard Control