Frå venstre bonde Johannes Silde, Etne, Oddmund Svartveit, Sveio, Johannes Hunseid, Etne og rådgjevar Arne Rich. Stadaas, Fylkesmannen i Hordaland.

Møkk skal bli butikk

– Biogasstoget går i 2009. Styresmaktene vil ha inntil ni store pilotanlegg med stor grad av statsstøtte, sa rådgjevar i Fylkesmannens landbruksavdeling i Hordaland, Arne Rich. Stadaas.

Annonse

meirverdi: At kua gir mjølk og kjøt, er gammal lærdom. Men at kumøkk kan bli butikk i form av energi i biogass-anlegg, er nytt i Norge. I Sverige og Danmark er dei alt komne langt på dette området. Nå skal ni store pilotanlegg byggjast rundt om i Norge. arkivfoto: alf-robert sommerbakk

Annonse

SVEIO: Måndag møtte han bønder frå Etne og Sveio for å orientera om biogass.

– Bonden skal i framtida vera meir enn leverandør av mjølk og kjøtt. Han skal selja energi. I Sverige kan ein bonde tena (brutto) mellom 100.000 og 350.000 kroner på å utnytta møkk til biogass.

Til varme

Størst lønnsemd ligg i å utnytta biogassen til vassboren varme.

– Me jobbar hardt for å få to av dei ni store pilotanlegga til Hordaland og Etne og Sveio er spesielt peika på, sa Stadaas.

Ein kubikkmeter biogass gir ti kWh. Blandar du inn 15 prosent matavfall/avskjer frå slakteri, tredoblast energimengda.

Hestemøk er best, men også høns, storfe og gris går fint.

Eit vanleg anlegg kostar frå 1.5 til 3,5 millionar kroner. Eit anlegg som tek imot møkka frå 150 kyr blir rekna som lite (5.000 kbm. gjødsel).

Møkk på ferjene?

Både gassferjene og sentrale bygningar, som for eksempel nybygga i Aksdalsområdet, kan bruka biogass til drift og oppvarming. Dessutan kan anlegga sjølvsagt brukast til både vassboren varme og elkraft på garden.

Inn- og uttransportering av møkk og biogass kan bli den økonomiske utfordringa. Men Stadaas understreka at styresmaktene nå går for sterk økonomisk støtte; inntil 30 prosent på ordinære biogassanlegg og endå meir til pilotanlegga.

Sparer spreieareal

To etnebønder som hadde tatt turen til biogassmøtet i Sveio, Johannes Hunseid og Johannes Silde, viser begge til at jordbruket i Etne snart stangar i spreieareal-taket.

– Dersom kravet til spreieareal kan reduserast med 30 prosent ved at garden får biogassanlegg og nyttar delar av møkka der, er mykje vunne, meiner dei.

 

Siste nytt

DEN TREDJE BRANNEN PÅ FÅ DAGER:

Jakter på brannstifter

Politiet ber publikum være oppmerksomme og melde fra om mistenkelig aktivitet.

DEN TREDJE BRANNEN PÅ FÅ DAGER:

Jakter på brannstifter

Politiet ber publikum være oppmerksomme og melde fra om mistenkelig aktivitet.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.