Haugesunds AvisNæringsliv
ROBOT: Brennroboten til fire millionar revolusjonerer arbeidet i brennehallen på Aker Stord, slår Torbjøn Lier fast.
I jobb: Sveisar John Bye (t.v.), brenner Atle Aga og platearbeidar Arne Halsteinsen er tre av berre 40-50 operatørar som i desse dagar er i jobb på Aker Stord sott område.
I går markerte Aker Stord starten på Ormen Lange-prosjektet. Men ein flunka ny robot til fire millionar kroner kan brennoperatør Torbjørn Lier sjå fram til ein betre og lettare kvardag.
Eg har jobba her i 15 år, og arbeidsdagen blir no langt lettare for oss. Før både saga vi og slipte for hand, no gjer roboten jobben. Det fører også til betre arbeidsmiljø, forklarar Lier, etter at han har kutta ein stor stålprofil på få minutt.
Denne ville vi jobba med i minst ein time på gamlemåten. No brukar vi eit kvarter. På større bjelkar er innsparinga endå større, forklarar Lier, og får støtte frå Kjell Henning Berntsen. Han er leiar på brenneriet, som har 16 tilsette på to skift.
Dette er ein revolusjon for oss. No har vi gjort det på gamlemåten i 30 år, og vi har kjempa lenge for å få gjennom denne investeringa, seier Berntsen.
Fire millionar kroner høyrest ikkje så mykje ut, men både tilsette og leiing er overtydde om at investeringa betyr meir for Aker Stord enn berre kroner og øre.
Eigarane er ikkje med på ei slik investering om dei ikkje har tru på framtida her på verftet, seier produksjonsleiar Audun Magnussen, og får støtte frå klubbleiar Rune Rafdal.
Dette gjer oss endå meir konkurransedyktige, og det vil vere verft her i mange år framover. Kristin-plattforma er langt frå den siste plattforma som er bygd her, slik ein kan få inntrykk av i media. Valhall, Gjøa og kan hende Skarv er oppdrag som kjem, og der bør vi ha gode sjansar til å nå opp i konkurransen, seier Rafdal.
Sjølv om det meste arbeidet til Ormen Lange-anlegget vert utført på øya Gossen utanfor Molde, vil det vere ein del aktivitet på Kjøtteinen det næraste året. 850 tonn røyr skal prefabrikkerast, i tillegg til fleire ståldekk og samanstilling av stotre røyrgater. Totalt er det snakk om godt over 5.000 tonn stålkonstruksjonar, som skal leverast etter nyttår.
I går markerte dei 40-50 operatørane som er på jobb, at Ormen Lange-jobben er i gang. For tida er 120 operatørar permitterte, og dette talet vil stige med rundt 50. Resten pendlar til Hammerfest. Etter ferien startar reisinga til Aukra. I tillegg er det rundt 300 på kontora, i første rekkje ingeniørar.
John Bye, Atle Aga og Arne Halsteinsen er blant dei få heldige operatørane som er i jobb heime på Stord.
Eg har ikkje fått permisjonsvarsel enno iallfall, konstaterer Halsteinsen. Trioen håpar og trur at nyinvesteringane sikrar framtida for verftet.
magne.kydland@haugesunds-avis.no
Publisert tirsdag 19. april 2005 kl. 00:00.
Sist oppdatert tirsdag 19. april 2005 kl. 00:00.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.