Haugesunds AvisNæringsliv
Sveiseverkstaden har inngått kontrakt med mellom andre ABB Offshore Haugesund. Den inneber produksjon av fleire tital tonn med røyr i sofistikerte material og av svært store dimensjonar, opplyser dagleg leiar Inge Isaksen.
Kontraktane er vunne i konkurranse med utanlandske tilbydarar frå såkalla lågkostland. Ein vesentleg grunn til at Stord-bedrifta har vunne fram er svært effektive og unike metodar under produksjonen.
Vi produserer ferdige røyrskøyter på tredjedel av tida som i dag er normalt innafor mekanisk industri. I desse tider då det vert fokusert på å redusere kostander ved å seie opp folk og setje ut arbeid til lågkostland, har vi vald å investere i moderne tekonologi. Det vil skaffe lønsemd i auka produksjon i staden for å redusere kostnader ved å seie opp folk, seier Isaksen og understrekar det gode samarbeidet dei har hatt med SNU AS.
Utan SNU og eigarane i Sveiseverkstaden si tru på prosjektet hadde det ikkje gått, meiner Isaksen, som inviterar pressa til omvisning på bedrifta seinare denne veka.
kristine.sele@haugesunds-avis.no
Publisert onsdag 20. august 2003 kl. 00:00.
Sist oppdatert onsdag 20. august 2003 kl. 00:00.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.