Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Nye grep om vond rygg

<b>HANDARBEID: </b>Naprapat Mathias Falk forklarer at metoden liknar litt på kiropraktikk og manuell

HANDARBEID: Naprapat Mathias Falk forklarer at metoden liknar litt på kiropraktikk og manuellterapi. I Noreg er det ikkje ein behandlingsform som kan gje rett til refusjon frå folketrygda, men May Svanhild Minde meiner ein betre rygg er verd pengane det kostar.


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

May Svanhild Minde har fått sansen for Mathias Falk. Svensken er den første naprapaten med praksis i Haugesund.

HELSE: May Svanhild Minde sin rygg har ikkje vore god på fleire tiår. For tida gjer det vondt på tre plassar. Store summar og mange timar har ho brukt på alle slags behandlingar.

– Forkalking i nakken og slitasjegikt lenger nede kan ikkje reparerast. Men det gir ein mykje betre livskvalitet når eg slepp å kjenna intense smerter heile tida, seier Minde.

Då Falk opna praksisen sin i januar var May Svanhild Minde blant dei første i køen. Tre behandlingar i veka i starten, mens det nå er tre veker sidan sist.

– Visst har det hjelpt. Eg har hatt smerter frå skuldrene ned i armane. Tre av fingrane er også numne nokon gonger. Eg kjenner meg betre etter behandlingane her, fortel Minde.

Alt heng saman

– Naprapatien tar utgangspunkt i at ting heng saman. Pasienten kan sjølv forklara kvar det gjer vondt, og korleis. Metodane me brukar i naprapatien prøver å finna årsaka. Me ser pasienten som eit heilt menneske, ikkje berre som "ein vond rygg". Me har blikk for både musklar og skjelett, forklarer Mathias Falk.

Etter at det er stilt ein diagnose, kan behandlinga ta til. Falk pressar mot ein muskel, i mange sekund. Eller han trykker triggerpunkt for smerte. Pressar der det gjer vondt, og held trykket ei stund. Han rettar ut ledd, så musklar og nervar får tøygd seg. Massasje kan og vera med. Heile tida snakkar han med pasienten.

– God sirkulasjon er vesentleg for å minska smerte. Generelt har me fokus på at pasienten får nok vitaminar og mineral. Og pasienten får med seg øvingar, så dei kan halda fram behandlinga og styrka kroppen heime, forklarer naprapaten.

Distraksjon

Det hender også at naprapaten trykker på musklar som fungerer godt. Nokon gonger for å motverka at "den gode sida" blir overbelasta, om det er vondt på motsett side av kroppen.

– Men også for å distrahera hjernen, som automatisk vil kjenna etter om det ikkje snart gjer vondt der det har verka før. Med kraftig trykk på musklar du til vanleg ikkje kjenner så godt etter på, kan du lettare gløyma det som var vondt. Og faren for å få vondt på grunn av spenningar, blir redusert, seier naprapaten.

Etter May Svanhild Minde si erfaring er naprapaten litt mindre hardhendt enn for eksempel kiropraktikken.

– Men det hender han trykker knyttneven så hardt i sida at eg kunne ha lyst å gje han ein lusing. Men det blir godt etterpå, seier Minde.

Publisert tirsdag 13. mars 2007 kl. 00:00.
Sist oppdatert tirsdag 13. mars 2007 kl. 08:02.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.

Annonse

Hai tatt utenfor Skudenes

Skater på Amanda

Sjark

Se flere videoer

Snarveier

Innsida Innsida.no

Lokalavisa i Sunnhordland.

Ut24 Ut24

Planlegg fritiden din.

Reisemeldinger Reisemeldinger

Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.

TV-Guiden TV-Guiden

Dette bør du få med deg.

Avisannonser Siste ukes annonser

Her kan du søke opp siste ukens papirannonser

Dagens leder Dagens leder

Les dagens leder fra Haugesunds Avis.

Søk i skattelistene
for 2008

Annonse