NATURLOSAR: Heile 26 hadde meldt seg til fotturen mellom Kvandal og Eintveit og kurset for folk som skal guida grupper på tur i heile sommar. Blant dei næraste, ser du frå venstre prosjektleiar Egil Ørjan Thorsen, Ove Wangensten, Kristiansand, Inga Klokkerstuen, Etne, Margit Aas Onstein, Etne, Marit Rønnevik, Etne og Bjørge Austli, Etne.

Nordsida opnar seg

30. juni går startskotet og den veglause nordsida av Åkrafjorden opnar seg for publikum. Åkrafjorden Oppleving og 26 nyutdanna naturlosar frå Etne kommune skal gje deg nye turopplevingar i heile sommar.

Annonse

HUMØRBONDEN: Geir Styve, kjend som den omreisande humørbonden, var kalla inn for å styrka motet til dei som vil satsa på turisme i Åkrafjorden. Her saman med Askil Ytrenes. Han og kona bur på Fitjar, men eig gard på Eintveit.

PISSOAR: Einaste pissoaret i eit veglaust distrikt i Nord-Europa, forkynner dette skiltet under låven på garden Eintveit.

TYSK: Sigrid Dold har budd 14 somrar på Kyrping Camping og blir ei av turistvertane på Åkrafjordtunet.

EKTE FJORDING: Einar Eintveit var mellom dei siste som flytte frå nordsida. No er han tilbake som naturlos.

SATSAR: Nina Kaltwasser er ei av drivkreftene i Åkrafjorden Oppleving.

HENGJAR: Denne traktorhengjaren, som skal ta 30 passasjerar, er under arbeid i Danmark. Den skal brukast til å frakta turistar opp frå sjøen til Eikemo og Eikemostølane. Privat

Annonse

ÅKRAFJORDEN: Gunvor og Askil Ytrenes skal stå i tunet på hennar heimegard på Eintveit i sommar og servera vandrande turistar kortreist spekemat frå Åkrafjorden. Dei er ein viktig del av Nordsidemarsjen, som blir eit fast tilbod kvar tysdag og laurdag i juli og august.

Men ikkje nok med det. I Danmark legg ein fabrikk siste handa på ein spesialhengar til traktor som kan ta 30 passasjerar og som skal brukast til å frakta folk til Eikemo og Eikemostølane med alle geitene dei same dagane. Og vil du berre ha ein sightseeingtur i fjorden, let også det seg ordne. Skyssbåten ligg klar ved Åkrafjordtunet på Teigland og ein tur bortom Langfossen er inkludert i alle turane.

Stor interesse

Det er aksjeselskapet Åkrafjorden Oppleving som står bak dette prøveåret for meir målretta turisme i Åkrafjorden. Både grunneigarar, kommune og private aktørar satsar pengar etter at Fylkesmannen har peika ut Åkrafjorden som såkalla landskapspark.

– Markedsføringa er starta gjennom destinasjon Haugesund og alle hotella i heile regionen. Private og offentlege betalar 485 000 kroner i testsesongen og me ventar på ytterlegare 90 000, seier prosjektleiar Egil Ørjan Thorsen. Kvar tysdag og laurdag skal ein buss gå rundturen til hotella frå Haugesund til Åkrafjorden.

Velkomen

Grunneigarane og dei få fastbuande på nordsida av Åkrafjorden har sagt ja. Sist laurdag gjekk 26 gryande naturlosar turen frå Kvandal til Eintveit. Dei skal bli guidar og turleiarar i sommar.

Sigrid Dold er ei av dei. Ho og mannen, frå Schwarzwald i Tyskland, held til på Kyrping Camping på 14. året.

– Mannen min er gal etter å fiska. Eg fann ut at eg måtte læra norsk for å snakka med nokon. Difor har eg tatt norskkurs ved universitetet i Freiburg og i sommar har eg fått jobb som turistvert på Åkrafjordtunet.

Før prosjektleiar er på plass, tek Nina Kaltwasser, ei av dei som sit i styret for Åkrafjorden Oppleving, seg av koordineringa.

– Du finn meg i eit hjørna på Åkrafjordtunet, smiler ho.

Bygdedyr

Ved sida av instruksjon om historia, fekk naturlosane førstehjelpskurs og ikkje minst ei vitamininnsprøyting av "humørbonden" frå Nordhordland, Geir Styve, som snakka om "bygdedyr-kverking" og "learning by tryning".

– Bønder er verdsmeistrar i tilløp utan hopp. Og bygdedyret seier "dette går aldri", sa mannen som lever av eit hestesenter, villsau og gjestehus, pluss foredrag.

– Eg får til og med firma som betalar for å få sanka villsauene mine, sa Styve. Han er såkalla oppmuntringsagent og definerte mot på følgjande måte: "Mot er å vera dritredd utan at nokon ser det".

Først ut på fellestur til nordsida er Mesta. Dei tjuvstartar 27. juni med 30 tilsette på nordsidemarsj. Mellom anna for å sjå på brua som blei bygt på 1950-talet mellom Bjelland og Eintveit, men der vegen aldri blei noko av.



"Mot er å vera redd utan at nokon ser det". Geir Styve, humørbonde




 

Siste nytt

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.