Frå venstre energisjef Sverre Hansen, vassdragsteknisk ansvarleg Gjermund Mortveit og adm.dir. Olav Linga i Haugaland Kraft.
Omkamp om Etnefjella
Dei store vasskraftutbyggingane si tid er ikkje over. Haugaland Kraft tar omkamp om ny kraftutbygging i Etnefjella.
BLIR UTBYGD? Ved Sandvatnet skal turistforeninga byggja ny hytte. Sandvatnet er eit av dei opphavlege vatna som var planlagt for utbygging som kan bli tatt ut av planen saman med Vaulavatnet (heilt sikkert utelukka for utbygging) og Blomstølsvatnet (sannsynlegvis ute av framtidige utbyggingsplanar. Arkivfoto: Lars Gjerde
KRAFT I NATURPERLE: Utsyn over indre del av Stordalen frå nedfarten frå Blomstølshytta. Foto: Jon Ådnøy
HAUGESUND/ETNE: Før dette året er omme, vil ei gruppe ha klar ein plan for kva som kan gjerast for å få meir kraft ut av dei anlegga me alt har i Etnefjella, seier administrerande direktør Olav Linga i Haugaland Kraft.
Men det verkeleg store potensialet for meir vasskraft frå Etnefjella, ligg i ei utbygging utanfor dette området lenger inne i Stordalen.
Den same plangruppa skal like over nyttår i gong med dei gamle planane i området indre Stordalen Flåtevatn, Storavatn, Svartavatn, Fossavatn, Sandvatn og Blomstølsvatn.
Men me tar ikkje omkamp på Vaulavatnet og vintervassføringa til Langfossen. Dermed blir kraftmengda redusert med ti prosent, legg Linga raskt til.
Milliardar
Det var på generalforsamlinga for ein månad sidan at Olav Linga utfordra det nye styret i Haugaland Kraft til å ta omkamp på kraftprosjektet i dei urørte delane av Etnefjella.
Medan produksjonen i dei gamle Litledalsanlegga i dag ligg på knappe 200 GWh, er potensialet lenger inne i Stordalen rekna til å vera mellom 300 og 400 GWh. Kostnad? Ein stad mellom to og tre milliardar kroner.
Det blir ei relativt dyr utbygging med høg kilowattpris.
Eit stikkord
Olav Linga trur eit stikkord kan vera nok til å rokka ved statsminister Stoltenbergs nyttårstale om at «tida for de store vannkraftutbygginger er forbi».
Det ordet er klimautsleppa. Noreg maktar ikkje koma i land med løftene sine. Og jorda styrer kan hende mot ein miljøkatastrofe. Fleire og fleire nasjonale politikarar ser det, men ennå snakkar dei ikkje høgt om at meir miljøvennleg vasskraft er einaste berekraftige alternativet.
Andre alternativ
Kva med alle alternativa frå vindkraft til småkraft?
Vindkraft er kontroversielt. Og vindkraft med stort potensial til havs ligg langt fram i tid. Småkraftverk er i hovudsak elvekraft utan store demningar. Det betyr at dei produserer godt når det regnar mykje elles lite.
Atomkraft i Norge er politisk utelukka og thoriumverk ligg minst 30 til 50 år fram i tida.
Kva med gasskraftverk?
Gasskraftverket på Kårstø står. Det er ikkje samsvar mellom verdsprisen på olje og gass, store reinsekostnader og kraftprisen på andre sida.
Kolkraft?
Må utviklast meir. Kjem ikkje utanom total reinsing. Men eg trur meir på kolkraft enn på gasskraft. Ganske enkelt fordi kol kostar halvparten av gassen.
Må modnast
Olav Linga trur dagens skånsomme teknologi, med alle kraftstasjonar inne i fjell og der produksjonsprinsippet heile tida er «å låna vatnet» og sleppa det tilbake i elva, gradvis vil vinna ny forståing.
Ganske enkelt fordi Noreg treng meir energi og samstundes skal oppfylla alle klimamåla politikarane har vedteke.
Seier du at ny vasskraftutbygging i Etnefjella blir usynleg.
Nei, det seier eg ikkje. Me snakkar mellom anna om demningar.
Linga understrekar at sjøl om dei om kort tid drar fram gamle utbyggingsplanar, betyr ikkje dette at planane blir kopierte.
Sannsynlegvis blir planane mindre omfattande, seier han.