Kristen Millie (t.v.) og støttespelaren Victor Carlsen jr jubla over tingretten sin dom. Nå kan det bli ein ny runde om småbruket i lagmannsretten.

Omkamp om småbruk

20. mai feira Kristen Millie (77) at Sunnhordland tingrett gav han rett til å få småbruket tilbake. Nå må han truleg bu seg på omkamp i lagmannsretten.

Annonse
Annonse

ETNE: Dei tre personane i Stavanger som har skøyte på det omstridde småbruket, men tapte i tingretten, har nemleg anka. Dette stadfestar advokaten deira, Kurt Asle Elvevoll i Stavanger.

Millie sin advokat, Tom Berge i Odda, var ikkje kjent med motparten sin anke før Haugesunds Avis tok kontakt med han fredag. Berge gjer store augo og hevdar dommen etter hans meining alt er rettskraftig.

Har betalt

– Dei har betalt inn idømte sakskostnader på 92.000 kroner utan atterhald, og dermed innfridd delar av dommen. Det oppfattar eg slik at dei har akseptert retten si avgjerd.

Berge seier at han i løpet av sine 33 år som advokat aldri har opplevd at ein part i eit rettsoppgjer først betalar idømte sakskostnader for så deretter å anka dommen.

– I det minste måtte dei då ha tatt atterhald om anke. Då måtte eg ha sett pengane inn på ein klientkonto. Nå kom pengesummen i staden inn på min driftskonto utan atterhald.

Elvevoll stadfestar overfor Haugesunds Avis at klientane hans i dette tilfellet har valt ein uvanleg framgangsmåte.

– Dette er gjort for ikkje å belasta Millie økonomisk. Eg vil på deira vegner krevja å få desse pengane tilbake under ankesaka i lagmannsretten.

Elvevoll seier at dommen er anka på grunn av usemje om bevisføringa og rettsbehandlinga i tingretten. Han håpar ankesaka kan koma opp for Gulating lagmannsrett innan eit halvt år.

Ved Sunnhordland tingrett får Haugesunds Avis stadfesta at anken frå Elvevoll på vegner av hans klientar, er motteken. Kopi av anken blei sendt til motparten for kommentar fredag.

Stridens kjerne i denne saka er eit lite småbruk som tilhøyrde Kristen Millie, men som ein steson av søster hans fekk skøyte på i 2004.

Lurt til å signera?

Sunnhordland tingrett fann det bevist at Millie var blitt lurt til å skriva under på dokument utan å forstå kva dette innebar. I tillegg til sakskostnader blei motparten difor dømt til å skøyta småbruket tilbake til Millie.

Stesonen til Millie si søster er nå død. Det er enka etter han og dei to vaksne borna deira som nå er Millie sine motpartar i kampen om småbruket.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.