Haugesunds AvisNyheter
LETT VAL: Fire av fem 6-åringar begynner i nynorskklasse i Odda i dag. For Nils Magne Hagen, pappa til Sigurd (6), er det eigentleg eit naturleg val.
ODDA: Av dei 60 smårollingane som i formiddag har sin første skuledag på Odda b
arneskule, har 48 valt nynorsk som hovudmål. Dermed er nynorskprosenten i Odda 80. I fjor var den om lag 64.
På industristaden Odda har det gjennom åra vore ein gjengs oppfatning av at bokmål og nynorsk var 50/50 fordelt i skulen. No må rektor Ole Jørgen Jondahl konstatera at berre kvar femte 1.-klassing vel bokmål.
Kva er grunnen til det, Jondahl?
Hadde eg bare kunna gjeve eit godt svar. Eg trur foreldra er dei rette til å spørje om det.
Statistikken over klassetrinna ved Odda barneskule syner ein klar tendens i favør av nynorsken:
I 1. klasse er det 80 prosent nynorsk, det er 64 prosent i 2. klasse, 79 prosent i 3., 71 prosent i 4. og 5., 62 prosent i 6. og 67 prosent i 7. klasse.
Eg trur dette er ein trend i tida. Eg veit og at foreldre på førehand har diskutert dette, og valt same målform som eleven sine venner har. Men om det og er andre, underliggjande motiv, som kvalitet slik det blir insinuert, må foreldre svare på sjøl, seier Jondahl.
Han understrekar samstundes at det ikkje er meir problem med bokmål-klassane enn hos dei med nynorsk.
For Nils Magne Hagen og Anne-Margrete Aga, foreldra til Sigurd (6), var det aldri nokon tvil om at dei skulle velja nynorsk.
Begge vi foreldra har hatt nynorsk, det var naturleg for oss å velja nynorsk for Sigurd. Men eg veit jo at det har vore 50/50 i Odda. Kvifor nynorsken no står så sterkt, veit eg ikkje. Men Odda ligg jo midt mellom Røldal og "fjorden", der nynorsken står sterkt.
Kan det vera ei svekking av industrikulturen i Odda vi no er vitne til?
Det kan det vera. Men for oss er det uansett naturleg med nynorsk. Far min kom frå Røldal, og mor til Sigurd er frå fjorden.
Frå nynorskmiljøer blir det gjerne hevda at nynorskelevar får sidemålet "gratis", og dermed står sterkare rusta enn bokmålselevar.
Haugesunds Avis er jamvel frå velinformert hald blitt fortalt at utrekningar har synt at nynorskelevar ved Odda vidaregåande skule ligg ein halv karakter over bokmålselevar ved eksamen i norsk skriftleg. Og dessutan: At berre nynorskelevar har klart å få "5" i begge stilar ved gymnaset i Odda gjennom dei siste ti åra.
Rektor Karl Erik Christiansen vil korkje gå god for, eller avkrefta, desse påstandane. Skulen har heller aldri ført nokon slik statistikk, og rektor seier han har liten lyst å stigmatisera bokmålselevane.
Men eg synest det er kjekt at så mange vel nynorsk som motvekt til alt bokmålet, seier Christiansen, som sjøl nyttar bokmål.
Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, er på si side jublande glad over framgangen i Odda.
Odda er ein kommune med mykje politisk medvit og stort engasjement. Byen er i endring, og det er positivt at oddingane på denne måten stadfester identiteten sin som nynorskingar. Dette viser at nynorsken har framgang nokre stader, og me vonar det er ein trend me får sjå meir av frametter, seier Hege Myklebust.
Publisert mandag 20. august 2007 kl. 00:00.
Sist oppdatert mandag 20. august 2007 kl. 08:35.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.