Stian i fint driv mot land. Tvillingbroren, Magne Vikra sit i følgjebåten.
Over Boknafjorden på under 2,5 time
Stian Vikra sumde i føremiddag over Boknafjorden. Sjå bilder.
Stian i forgrunnen, med følgebåt og Mastrafjord i bakgrunnen.
Den vågale svømmeren takker Karmøy Røde Kors mannskapet for hjelpen under svømmestuntet.
BOKN: I 09.30-tida starta Vikra frå Bokn-sida. To timar og 25 minutt seinare var han framme i Mortavika.
- Eg sa at eg rekna med å bruka tre-fem timar, men eg håpa eg skulle greia det på under tre timar. Eg må seia meg fornøgd med to timar og 25 minutt. Eg var heldig med det meste, og litt flaks må me ha, seier Stian Vikra på telefon i 12.30-tida.
LES OGSÅ: KLAR FOR Å SYMJE BOKNAFJORDEN
- Det føltes greitt. I byrjinga tok eg det litt roleg, fordi eg var redd for å få syre. Eg var heldig med temperaturen, seier Vikra, som målte temperaturen til 16,5 grader i vika han starta frå.
Neste blir Utsira-Karmøy
Under heile symjeturen hadde han folk frå Raude krossen like ved i ein gummibåt, og fleire frå Raude krossen var i ein større båt som haldt litt meir avstand.
- Eg er takknemleg for at dei tok seg tid til dette midt under Skudefestivalen. Utan Raude krossen hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføra dette, seier Stian Vikra.
Han ser føre seg at den neste turen blir verre. Karmøybuen hadde bestemt seg for at om denne turen gjekk greitt, skal neste symjetur gå frå Utsira til Åkrehamn.
- Eg skal reisa ut på jobb nå, men kjem heim igjen 3. august. Eg håpar å få gjennomført den turen då, men det kjem an på forholda, seier Vikra.