GØYMDE PENGANE: Den avdøde Kristen Millie (79) sa til advokaten sin, Tom Berge, at dei vel 500.000 kronene han tok ut på kort tid i Etne Sparebank, ligg gøymt i ei steinur på Osphaugen i Skånevik. Arkivfoto: Terje Størksen
– Pengane i ei ur
Advokat Tom Berge sa i arvesaka etter Kristen Millie i går at Millie hadde fortald at han hadde gøymt over 500.000 kr i ei steinur på Ospehaugen i Skånevik.
Haugesund/skånevik: – Etter mi meining var Kristen Millie fullt kapabel til å formulera sin vilje i eit testamente. Og ingen har krav på arv!
Odda-advokaten som sette opp testamentet for Kristen Millie der Olav Sævareid arva alt, både gard og pengar, sa i Haugaland tingrett at Kristen Millie fekk fire tunge år til slutt på grunn av alt styret om slakta sauer, eigedom og arvepress.
Les og: Arvestrid i Skånevik.
– Men Marit og Olav Sævareid gjorde mykje meir for han enn det som er vanleg at ein utleigar gjer for leigebuarar, sa Tom Berge.
Kvar er pengane
Advokat Berge sa at ei gruppe menneske, blant andre overformynderiet i Etne, for alt i verda ville unngå at Victor Carlsen skulle bli hjelpeverje for Kristen Millie.
– Kven var det som foreslo Victor Carlsen? ville retten vita.
– Kristen Millie sjøl ville ha Olav Sævareid. Då denne nekta, bad han om å få Victor Carlsen, opplyste Tom Berge.
Advokaten hadde inntrykk av at ei gruppe menneske lokalt «kom inn og freista styra og gjera seg nytte av verdiane som var der».
– Kor trur du pengane Kristen Millie tok ut, over 530.000 kr har tatt vegen? spurte advokaten til Olav Sævareid, Håkon Velde Nordstrøm.
– Eg tilbaud Kristen å setja pengane trygt på ein klientkonto hos meg. Men det ville han ikkje. Han hadde gøymt dei trygt i ei ur på Ospehaugen, sa han.
Fredag er det prosedyre i arvesaka der næraste slektning, Torbjørn Milje, krev at testamentet blir erklært ugyldig.