Sauekadaver drepe og ete av jerv i Ryfylkeheiene.
Politimelder bruk av fellingspremie
Fylkesmannen i Rogaland har meldt styret i Rogaland Sau og Geit til politiet for ulovleg bruk av fellingspremie.
RYFYLKE: Rogaland Sau og Geit (RSG) har i eit oppslag i lokalavisene Suldalsposten og Ryfylke lova 20.000 kroner i skotpremie for kvar felte jerv.
Dette fekk Fylkesmannen i Rogaland til å reagera. Tidleg i januar skreiv Fylkesmannen eit krast brev til RSG, som viser til at skotpremien er ulovleg.
I brevet forlanga Fylkesmannen at laget trekte tilbake både tilbod om dusør og transportstøtte. Viss dette ikkje blei gjort ville Fylkesmannen vurdera å politimelda laget.
- Om Fylkesmannen ikkje har betre ting å ta seg til enn å melda oss til politiet, må dei berre gjera det, var Øyvind Bergøy, nestleiar i Rogaland Sau og Geit, sitt svar.
LES OGSÅ: BER STATEN TA JERVEN
Har meldt seks personar til politiet
RGS hadde saka oppe i møtet sitt 23. januar. Dei valde då å oppretthalda vedtaket sitt frå 11. desember.
- Etter at styret i Rogaland Sau og Geit valde å oppretthalda vedtaket om premiering av felt jerv frå desember i fjor, har Fylkesmannen meldt saka til politiet for brot på viltlova § 51, melder Fylkesmannen på si nettside.
Det er lov å fella jerv i lisensfellingsperioden fram til 15. Februar i Rogaland, men det er ikkje høve til å nytta skotpremie som verkemiddel i lisensfelling. Bakgrunnen for forbodet er omsyn til forsvarleg jaktutøving og fare for skadefelling, skriv Fylkesmannen.
Fylkesmannen har meldt RSG ved leiar Ole Jonny Espevold, Øyvind Bergøy, Leif Matnisdal, Arnhild Skjørestad, Alf Torstein Pettersen og Per Johan Lyse til Rogaland politidistrikt.
Under relaterte dokument har Fylkesmannen i Rogaland lagt ut brevet som er sendt til Rogaland politidistrikt. Haugesunds Avis er ikkje ansvarleg for eksterne lenker.