Leiar i Vats bondelag, Alf Egil Vaula, går frå Tine til Q-meieriene. Han reknar med at bønder flest vil forstå det.
Q tappar Tine lokalt
Fire store mjølkebønder i Vindafjord har nett meldt overgang frå Tine til Q-meieriene.
over til q-meieriene: Malle og Trond Skogen, med vesle Tønnes, går frå Tine til dei private Q-meieriene når det nye superfjøset på nesten to dekar og to robotar, står ferdig på Frøvik i Skjold 1. august. Fjøset får plass til 106 mjølkekyr. Foto: sigmund Hansen
PER LANDA: Ein av dei store mjølkeprodusentane på Haugalandet som går frå Tine til Q.foto: sigmund hansen
KALVEFJØS: Dalius og Vitalijus frå Litauen byggjer 12 kalvehytter inntil robotfjøset på Frøvik i Skjold. Tett hytte utan trekk og elles uteliv heile året for dei nye kalvane.
VINADFJORD: 1. august startar Malle og Trond Skogen i Skjold mjølkeproduksjon frå Haugalandets største robotfjøs – med to robotar og plass til 106 mjølkekyr.
Frå same dato leverer dei mjølka til private Q-meieriene. Trond Skogen har rekna at han tener 114.000 kroner i året på å vinka farvel til Tine og mjølkesamvirket.
Skogen får følgje av både leiaren i Vats bondelag, Alf Egil Vaula og Per Landa i Blikrabygda, pluss Osmund Birkeland i Imsland.
– Dermed har me 17 mjølkeleverandørar på Haugalandet. Fleire av dei blant dei største lokalt, seier ein nøgd Geir Vestli i Q-meieriene.
Ni millionar
Malle og Trond Skogen investerer ni millionar i det nye, danskutvikla robotfjøset. Lenge før det er ferdig, valfartar bønder frå heile landsdelen til Frøvik for å sjå på vidunderet.
– Den eine veggen blir ei gardin som automatisk blir regulert opp og ned etter verforhold, forklarer Skogen. På andre veggen står tolv kalvehytter.
Der ute skal dei nyfødde kalvane bu – i tette, små hytter med ein uteplass i tillegg.
– Mindre smittepress, friskare og trivelegare, oppsummerer Malle.
Ho har landbrukshøgskule frå Estland og saman skal paret drifta det nye storfjøset.
Skal auka
Skogen vil auka frå dagens 460.000 liter mjølk i året til kan hende ein million liter. Det gjer han til ein av dei største i landet.
– Dess større produksjon, dess meir må ein ta inntekter frå marknaden – for produksjonstilskotet stoppar på eit visst dyretal. Hos Q får eg i dag 24,7 øre meir for literen enn hos Tine – 114.000 kroner i meirinntekt, seier Trond Skogen.
– Eg trur mange forstår at me så store investeringar, er eg nøydd til å tenka på meg sjølv og framtida på garden, seier han.
Snudde
Alf Egil Vaula i Vats leiar bondelaget og var inntil kort tid sidan ein varm Tine-talsmann.
– Men Q vil gje meg 53.000 kroner meir i året for mjølka (280.000 liter i året). Eg trur også mjølkesamvirket er nøydd til å gje meir til dei store produsentane, seier Vaula.Hans nabo, Per Landa, med 266.000 liter mjølk har også meldt overgang.
– Tine Vest byggjer ned fordelane med såkalla sommarmjølk (høg produksjon om sommaren), og eg får cairka 20 øre meir for literen hos Q, seier han.
– Kva seier dei andre bøndene?
– Eg har ikkje fått så voldsomme reaksjonar. Men eit par kollegaer har ytra seg negativt om valet mitt, svarer Landa.
Politikk
Organisasjonssjef Odd Fauske i Tine synest det er uheldig. Han viser til at politikarane har vedtatt at det skal veksa fram eit alternativ til Tine – og at mange Tineprodusentar synest det er surt at dei må vera med på å finansiera ein privat konkurrent.
– Dessutan har Tine plikt til å henta mjølka hos store og små leverandørar over heile landet.
Geir Vestli i Q-meieriene seier dei etter dette får full tankbil frå Haugalandet annakvar dag til meieriet på Jæren. På Haugalandet har Q no 17 leverandørar.
I Vindafjord har Tine 98 leverandørar.