: Trass i høg fart, tapte rallysjåfør Bjørn M. Enge frå Sandeid kappløpet med fødselen. Dermed måtte sambuar Laila Stople (t.v.) føda i framsetet på bilen. Her med storesøster Siren (2,5 år) og den nyfødde.
Rallysjåfør og jordfar
Det gjekk fort i svingane då rallysjåfør Bjørn Moland Enge skulle kjøra den gravide sambuaren til sjukehuset for å føde. Men ikkje fort nok.
HAUGESUND: Eg kjørte friskt, men ho var likevel raskare ho enn meg, ler rallykøyraren frå Sandeid og peikar på den tre dagar gamle dottera si.
HØR INTERVJU MED BJØRN M. ENGE HER
Det var natt til tysdag, fire dagar før termin, at Bjørn M. Enge og sambuaren Laila Stople sitt born nummer to melde sin trong til å koma til verda.
Det var ikkje i Enge sin rallybil, men i ei Volkswagen stasjonsvogn at paret drog av garde frå bustaden sin i Sandeid til sjukehuset i Haugesund. Men då dei kom til Vats gav Stople sambuaren sin beskjed om at babyen ikkje hadde intensjonar om å venta lenger.
Det gjekk ufatteleg raskt. Halvannan time etter at riene starta, var fødselen over, seier Stople som er lærar ved Ølen ungdomsskule.
Løpet kjørt
Rett før dei kom til Knapphus måtte Enge dermed innsjå at løpet var kjørt, og han stansa bilen i vegkanten.
Klokka 02.40, med sambuaren som jordfar, fødte Stople i framsetet på stasjonsvogna.
Eg hadde heldigvis kontakt med jordmor over telefon, elles hadde eg vore hysterisk stressa, seier Enge.
Me var ufatteleg rolige begge to. Men det kjentes som ei heil æve frå AMK-sentralen blei varsla til sjukebilen kom, jamvel om det berre tok i underkant av ti minuttar, fortel den nybakte mora.
Seks kuldegrader
Trass i ugunstige høve, blei fødselen unnagjort utan komplikasjonar. Ute viste gradestokken seks kuldegrader.
Ungen var litt kald med det første, men fekk raskt varmen i seg når me fekk tulla ho inn i teppet, seier far Enge.
Alt står no bra til med både mor og born, som torsdag ettermiddag blei utskrivne frå sjukehuset.
No skal me heim og slappe av og finne ut av den nye tilværa, seier Stople.
Enge, som er lastebilsjåfør av yrke, satsar sterkt på rallycross framover, og han har til våren ein løpsklar Citroën C4 i garasjen.
No er vesla født med fart i blodet. Ho går ei god framtid i møte, smilar den rallyfrelste småbarnsfaren.