GODKJENT: Dommar Paul Enoksen (bak) godkjende retrieveren Zappo, med eigar Leif Gullstein (heilt til høgre), som søkshund på barmark. Nina Forus med sin Ria er alt godkjent, medan Eric Mills skal opp til eksamen med sin springer spaniel Rezer til neste år.

Redningshundar på harde prøver

Den lykkelegaste mannen på Fikse søndag, var ein bergensar.

Annonse
Annonse

FIKSE: I helga hadde Norske Redningshunder omfattande prøver og godkjenning av ettersøkshundar. Medan mange strauk, jubla Leif Gullstein frå Bergen då hans flatcoated retriever, Zappo, sleppte gjennom alle nålaugene og blei godkjent som ettersøkingshund for dei komande to åra.

– Kan hende ringer politiet i morgon og treng hjelp frå ein hund som kan følgja menneskespor langs bakken, finna ting folk har mista eller finna folk ved hjelp av lukt i lufta, seier han.

Harde krav

På Haugalandet er det berre nokre få hundar som har klart prøvene. Nina Forus frå Etne har ein flatcoated retriever som er godkjent både som ettersøkingshund (sommar), lavinehund (snø) og ruinhund (søk ved jordskjelv og samanraste bygningar).

Hunden hennar, Ria, er sju år og blei mellom anna brukt for å leita etter om det var gått folk med i jordraset i Bergelandsgata i Stavanger. Ria var ikkje oppe til eksamen denne gongen. Det var heller ikkje den neste etnehunden som skal opp til godkjenning som søkshund, Eric Mills sin springerspaniel Rezer.

– Han skal opp til den første godkjenninga neste år, seier Mills.

HRS kallar ut

I Vikedal har Bente Langhelle ein ettersøkshund. Elles er det tynt på Haugalandet og i Sunnhordland. På landsbasis er det 142 godkjende ettersøkshundar (barmark) og 87 godkjende lavinehundar. Det er hovudredningssentralen og politiet som kallar ut ekvipasjane, hund og eigar. Difor er godkjenningane like tøffe for hundeeigaren som for hunden.

– Me ser etter hundens søkslyst og søksevne, hundens taktiske ferdigheiter og hundeføraren sin oppførsel, seier ein av dei to godkjenningsdommarane på Fikse sundag, Paul Enoksen frå Hommersåk.

Flest søkshundar er av rasen schaefer, med flatcoated retriever som ein god nummer to.

 

Siste nytt

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.