revemat: revemat: Jan Haslemo i Øvre Vats kom over ein rev som sat og åt på eit lam. No er jakta på revehiet i gong. foto: sigmund Hansen
Reven kjem nærare
Etter fleire år med skabb og død, veks revestamma igjen på Haugalandet.
ØVRE VATS: For nokre dagar sidan fann bonde Jan Haslemo i Aurdal i Øvre Vats eit dødt lam på beitet.
Han tok det med heim. Neste morgon sat ein vaksen rev og åt av lammeskrotten, like ved låveveggen.
– I fjor såg eg ei revemor med seks ungar. Dei blir snart litt av eit «jegerkompani».
Erling Lien, leiar i Vindafjord viltnemnd, har gjeve løyve til avliving. Sjøl om reven i prinsippet er freda i den såkalla yngletida.
Den kjende jegeren, murar Odd Hjellestad i Øvre Vats, har alt vore på sporet.
– Eg fann fleire kjøttbitar reven hadde lagt ifrå seg i ei myr mot Norland (mot Blikrabygda frå Aurdal). Revehiet kan vera i dette området, seier Hjellestad.
Han vil halda fram jakta og håpar han kan få tatt både revetispa og ungane.
– Om kort tid vil dei alle vera ute og på jakt. Det er ikkje bra for små lam og rådyrkalvar.
Hjellestad hadde sjølv besøk av reven for nokre kveldar sidan. Det skrangla i matskål-ene til sporhundane hans. Men reven var vekke før Hjellestad kom seg rundt hushjørna.
Også i Haraldseidvågen har dei sett rev dei siste dagane.
Kommunane har stort sett slutta med å gje skotpremie. men sau- og geitalslaget betalar jegerane for kvar rev dei skyt.