Alt på plass: Stien frå Langfoss og opp til stølen og Vaulavatnet og vidare til turisthyttene Simlebu og Sandvass er frå i sommar skikkeleg merka og spennande for mange turistar som stoppar ved Langfossen.
Satsar i Åkrafjorden
Snart er eit båtselskap etablert, mange vil starta turistverksemd. Og ved Langfoss er stigen endeleg skilta.
Turisme: Øystein Eljarvik og Nina Kaltwasser inst i Åkrafjorden og John Kåre Opheim i Tungesvik har alle planar om å satsa på dei mange reisande gjennom Åkrafjorden.
ÅKRAFJORDEN: Frå yttarst ved Tungesvik og Vannes, heilt inn til Fjæra og Rullestad, langs heile den over tre mil lange Åkrafjorden, fossar det fram med nye idear og tiltak. Ein million offentlege kroner til saman skal brukast på å gjera Åkrafjorden om til ein av Hordalands fire landskapsparkar.
Stikkorda er småkraftutbygging og turisme. På eit møte på Åkrafjordtunet laurdag kveld blei mange av planane: Frå Halvfjordingen på Rullestad i aust til hytter, overnatting og jakttilbod i Tungesvik lufta i eit felles møte.
I Eljarvik
På den velstelte Eljarvikgarden, med Langfossen, sit Øystein Eljarvik og Nina Kaltwasser og legg planar. Det handlar om overnatting i dei mange husa på garden og kafé med panoramautsyn over fjorden og opp Langfossen. Båtar til leige på fjorden og guida turar opp stigen frå Langfoss. Denne stigen er endeleg merka slik at du kan gå opp til stølen eller vidare til Vaulavatnet og til Turistforeningen sine hytter, Sandvass og Simlebu.
Me jobbar og med å få restaurert ei gammal, verneverdig gardssag ved Langfoss og tenker oss også ein utsalsstad. Me trur Åkrafjorden går spennande tider i møte, seier dei to.
Båtselskap
Eit aksjeselskap som skal tinga ein tidsmessig båt som skal frakta turistar rundt i heile Åkrafjorden, pluss bringa last og folk til alle stadene i fjorden (kraftutbyggjarar som SKL (Sunnhordland kraftlag) vil trengja båtskyss), skal vera danna før denne hausten er over, seier prosjektleiar Egil Ørjan Thorsen i Etne.
Den nye båten vil ikkje vera klar til neste turistsesong, men ei ordning med guida turar, pluss fleire overnattingstilbod, på begge sider av Åkrafjorden, er han viss på vil vera klart til neste sommar.
Opplevingar
Eit selskap som blei kalla "Åkrafjorden Opplevingar A/S", kan også rimeleg raskt vera på føtene. Dei skal ta seg av turistar, enkelte eller grupper, som vil gå i naturen, fiska og overnatta i Åkrafjorden.
Det store spørsmålet i reiselivsnæringa er kvar kassaapparata skal stå. Me må sikra oss at Åkrafjorden blir ein landskapspark der ikkje alt blir styrt av operatørar frå Stavanger og Bergen, men lokalt her i fjorden, sa ein av møtedeltakarane, Leif Arne Løvereide.
sigmund.hansen[AT]haugesunds-avis.no
"Kafé med panoramautsyn frå Eljarvik" Nina Kaltwasser, Åkrafjorden