TALA TALAR FOR SEG SJØL: Sauebonde Anders Sørhus har tatt vare på alle avrekningar. Til slutt var lønnsemda vekke og i januar tømde han sauefjøset og slakta alle sauene. Sigmund Hansen
Sauebøndene driv med tap og sluttar
Dette året forsvinn sauen frå mange gardar på Haugalandet. Beita gror til. Måndag møttest meir enn 350 sauebønder i Ølen for å diskutera krisa. Anders Sørhus frå Vikebygd møtte ikkje.
SAUEBØNDER: Fleire enn 350 sauebønder på Haugalandet var samla i Ølen for å drøfta krisa i sauehaldet.
VETERAN: 82 år gamle Einar K. Time, fylkeslandbrukssjef i Rogaland i mange år, hadde tatt turen frå Stavanger for å følgja med i det han kallar "dramaet om sauen".
SITERTE ELVIS: It's now or never, sa bondelagsleiar Bjarne Undheim om vårens jordbruksforhandlingar, ikkje minst med tanke på om det finst ei framtid for å driva med sau i Norge.
VIKEBYGD/ØLEN Dei 65 vinterfora sauene mine forsvann ut or sauefjøset til slakt i januar. Det er over og ut for sauehaldet mitt. Tenk deg; i 1993 fekk eg ein toppris på nær 43 kroner for lamma mine. I fjor, 13 år seinare, fekk eg snaue 35 kroner kiloen. Dyrlegerekninga har stege så mykje at du taper mindre pengar på å slå i hel ei søye som ikkje klarar fødselen enn å tilkalla veterinæren!
Anders Sørhus og kona veit at dei kjem til å sakna sauene. Dei lever i eit land som må importera lammekjøtt frå New Zealand.
Særleg no, når me snart skulle ha sleppt dei på beite og høyrt breking i bakkane, vil det vera tomt utan sauene. Pluss heile livet på fjellet på sommarbeitet. Dei siste åra var fjellturane så populære at barnebarna måtte skriva seg på ventelista for at me skulle få alle med, ler pensjonistparet.
Straffar eldre
Dei snakkar om å ta heile landet i bruk og at folk må stå i jobbane sine. Det gjeld i alle fall ikkje i landbruket. Eg er 68 år, men kjenner meg sprek. I landbruksavtalen med staten er det ordna slik at når du har passert 67 år, trekkjer dei 10.000 kroner av statstilskotet i noko dei kallar "pensjonistavgrensing". Etter 70 år, trekkjer staten 30.000 kroner dersom ein sauebonde vil driva vidare.
Vil dei ikkje at me skal jobba og vera produktive? undrar Anders.
Smalhans
Ein gjennomsnitts sauebonde på Haugalandet har 6070 vinterfora sauer. Dette svarar til eit halvt årsverk. Det såkalla dekningsbidraget, nettoen bonden sit att med for dette halve årsverket, svarar til halve inntekta til ein minstepensjonist.
Det var Olav Håvardsholm frå Tveit Regnskap som la desse tala fram på det store møtet for sauehaldarar i Ølen samfunnshus måndag.
Dit kom sauebønder frå Karmøy til Kvinnherad, Suldal og heile Haugalandet. Arrangørane sa at deltakartalet var nærare 400 enn 350, og dei gjekk lens for brød under matserveringa.
Mange har slutta med sau den siste tida, og endå fleire snakkar om å slutta, sa Håvardsholm i sitt foredrag. Årsaka er elendige rammevilkår for bonden i ein marknad som ikkje får nok lammekjøtt.
På meg verkar det som om alle som er med og bestemmer har sagt at sauehald er hobby. Når så bonden får mykje betre betalt i ein stram arbeidsmarknad utanom garden, og det stadig kjem nye pålegg for gardbrukaren, kuttar dei ut sauedrifta og jobbar heller overtid og tener gode pengar andre stader, forklarer Håvardsholm.
Skummelt
Anders Sørhus har ein nyare, fin sauefjøs (1990) med plass til 125 vinterfora sauer. No blir den ståande tom. Berre dei nye brannforskriftene ville ha kosta han over 30.000 kroner.
Kva kunne fått deg tilbake til sauehaldet?
50 kroner kiloen for lammekjøttet, ingen diskriminering av pensjonistar og meir samsvar mellom statstilskot og reelle utgifter.
Bør me driva med sau i Norge i dag med dei rammevilkåra som gjeld? spurte Olav Håvardsholm i foredraget sitt og gav sjøl svaret: Økonomisk vurdert er svaret nei.
Elvis Presley
Bondelagsleiar Bjarne Undheim siterte Elvis Presley: "It's now or never". I jordbruksoppgjeret til våren (april og mai) er det "no eller aldri" for sauen si framtid i Norge, sa han.
Han siterte Soria Moria-erklæringa. Der heiter det at bonden skal sikrast ei inntektsutvikling på linje med andre grupper. Frå 1997 til 2006 har industriarbeidaren hatt ei inntektsutvikling som er 100.000 kroner betre enn bonden. Bondelaget har store forventningar om at den raud-grøne regjeringa skal levera varene ved dette jordbruksoppgjeret. Utan fleire milliardar i friske pengar til landbruket, blir det massenedlegging og aksjonar.
Eg veit mange bønder sit på gjerdet. Vårens forhandlingar avgjer om dei gir seg eller satsar vidare.
Bjarne Undheim bad alle bønder som kjende ein politikar, lokal, regional eller på Stortinget, ta kontakt og fortelja korleis det kan enda med norsk landbruk.