Klinikk Hausken vil importera sæd frå Danmark for å kunna tilby donorbehandling. Men han må likevel seia nei til single kvinner som ønskjer slik behandling, på grunn av lovverket.

Single har misforstått lovendringa

Single kvinner kontaktar Klinikk Hausken med eit ønske om assistert befruktning. Kvinnene har misforstått kva endringane i ekteskapslova medfører.

Annonse
Annonse

HAUGESUND: Den nye ekteskapslova blei vedtatt i juni i fjor og tredde i kraft 1. januar i år. Der blir heterofile og lesbiske par likestilt i forhold til retten til assistert befruktning.

Klinikk Hausken har sidan tida før sommaren i fjor fått henvendingar frå single kvinner som ønskjer assistert befruktning.

- Det er kvinner som ikkje har type og som det hastar for å få barn i forhold til alderen. Ca. ein gong i veka blir me kontakta av single kvinner. Flest tar kontakt på e-post, men det er også nokon som ringer. Dette starta litt før sommaren i fjor, seier Jon W. Hausken ved klinikk Hausken.

Svaret kvinnene får er at han har stor sympati for at dei ønskjer dette, men Klinikk Hausken kan ikkje gå utanom lovverket.

Ingen rush av lesbiske par

Det er berre tre-fire lesbiske par som har kontakta Hausken.

Klinikk Hausken er ein av elleve verksemder i Noreg som tilbyr assistert befruktning, men Hausken tilbyr førebels ikkje donorbehandling.

- Sidan det har vore mangel på sæddonorar har det norske miljøet bestemt at dette skal tilbydast ved Haugesund Fertilitetssenter og Rikshospitalet, som er godkjent som sædbankar. Me ønskjer å dekka heile området av assistert befruktning og vil søka om godkjenning for import av sæd, og få til ein avtale med ein privatsædbank i Danmark, seier Jon W. Hausken.

Volvat medisinske senter på Austlandet er den første private klinikken som tilbyr assistert befruktning med sæd importert frå Danmark. Helsedirektoratet opplyser at seks verksemder er godkjent for kunna importera sæd, blant anna Haugesund Fertilitetssenter.

- Me er blitt kontakta av eit par single, seier Inga Bakkevig, seksjonsleiar ved Haugesund Fertilitetssenter. Ho opplyser også at det ikkje har vore noko rush av lesbiske par som ønskjer assistert befruktning etter at lova tredde i kraft.

Må villa gi til lesbiske par

Haugesund Fertilitetssenter opplyser at 4-5 lesbiske par har tatt kontakt med dei. For å få behandling må ein bli henvist frå legen sin. Haugesund fertilitetssenter har fått tre henvisningar. Dei som har tatt kontakt bur ulike stader i Noreg.

- For lesbiske par gjeld dei same reglane som for heterofile par, dei blir alle sett opp på den same ventelista, seier Bakkevig. Prisen for behandling er også den same.

Haugesund fertilitetssenter jobbar med å få på plass nok sæddonorar.

- Sæd som er donert før den nye ekteskapslova tredde i kraft kan ikkje bli gitt til lesbiske par. Donoren må skriva under på at han er villig til å gi sæd til lesbiske par, og me kan ikkje kontakta donorar etter at dei har donert. Det ville vore umogleg å halda rede på kven som hadde sagt ja og kven som hadde sagt nei til å donera til lesbiske, seier Inga Bakkevig.

- Har nokon vald å ikkje donera på grunn av dette kriteriet?

- Nei.

Må venta til mars/april

Ni menn donerte sæd ved fertilitetssenteret i Haugesund i fjor. Til nå i år har ein mann sagt ja til å bli donor både til hetrofile og lesbiske par.

- Me jobbar med å få på plass avtale med to danske sædbankar, seier Bakkevig.

Å få til avtale med sædbankar i Danmark er noko som er blitt jobba med over lengre tid, det er ikkje noko som blir gjort berre som ein følgje av den nye ekteskapslova.

Etter at det blei vedtatt at sæddonorar ikkje kan vera anonyme har det vore vanskelegare for sædbankane i Noreg å få nye donorar.

Haugesund Fertilitetssenter håpar å ha avtalar med danske sædbankar klare i månadsskiftet mars/april.

- Me har førebels nok sæd til pasientar som er inne i systemet vårt, men par som får henvisning nå må venta til mars/april, seier Bakkevig.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.