Konstruksjonen blei sjøsett i Karmsundet i går.
Sjå, den flyt
Hiload blei sjøsett for første gong i går.
HAUGESUND: Planen var at den skulle sjøsettast på onsdag, men på grunn av vêrforhold blei det utsett til fredag.
- Me starta førebuinga torsdag, og den blei sjøsett i går. Hiload flyt som den skal, omtrent på centimeteren ut frå utrekningane. Det er første gong eit slik fartøy er blitt sjøsett, og sjøsettinga har vore vellukka, seier Tore Lea, administrerande direktør i Remora ASA, som eig og har konstruert Hiload.
LES OGSÅ: FLYTER DEN?
Hiload er den første i sitt slag, og konstruksjonen er blitt godkjent som eit skip. Det er Aibel i Haugesund som står for bygginga.
LES OGSÅ: BYGGER LASTE-PROTOTYPE
- Etter at Hiload var sjøsett starta senkinga av den, meter for meter. Den skal nå vera senka så langt ned at vatnet nesten er på linje med toppen. For kvar meter konstruksjonen blei senka sjekka eit inspeksjonsteam at det ikkje var lekkasje og liknande, seier Tore Lea.
I dag skal krengeprøvar gjennomførast. Då blir lodd lagt på konstruksjonen. Flytemønster skal verifiserast, og nøyaktig tyngdepunkt skal finnast.
I morgon skal Hiload opp på lekteren igjen. Ballasten skal finjusterast før konstruksjonen skal sjøsettast igjen om ca. ei veke.