Rådmann Elling Hetland foreslår tre nye stillingar i skulen.

Skakke og skule i Etne

Rådmann Elling Hetland har satt av dei seks første millionane til Skakkesenteret i Etne-budsjettet 2010.

Annonse

I budsjettet for enste år er det satt av seks millionar til Skakkesenteret.

Annonse

ETNE: De seks første millionane til Skakkesenteret og 15 millionar til sykkel – og gangveg i Skånevik blir dei største investeringane i Etne i 2010.

I forslaget til kommunen foreslår dessutan rådmann Elling Hetland å oppretta tre nye stillingar i skulen.

Vassavgifta aukar med 12 prosent fordi mykje må gjerast med Kambe-bassenget. Vidare går renovasjonsavgifta for einslege opp 674 kroner i året dersom Etne skal harmonisere sine avgifter med resten av Haugaland Interkommunelae Miljøverk (HIM).

Etnebudsjettet blir gjort opp med eit overskot på 900.000 kroner.

Inntektene på eigedomsskatt er venta å auke med ein million i året som følgje av at Sunnhordland Kraftlag (SKL) har gjennomført Eikemo-utbygginga. I tillegg vil konsesjonskrafta Etne kommune har i Eikemovassdraget gje kommunen ei årleg inntekt på mellom ein halv og ein million kroner.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.