Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

- Skal sjå på saker med nytt blikk


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

Det siste halvanna året har det vore over 30 brannar i Haugesund som kan ha blitt påsette.

HAUGESUND: Ei kvinne er mistenkt for å ha starta to brannar i Haugesund sentrum sist veke, og sikta for den eine brannen. Politiet opplyser at dei mistenker og har vald å sikta henne på bakgrunn av informasjon dei har fått gjennom etterforsking, hjelp frå publikum og etterretning.

Laurdag blei kvinna varetektsfengsla i fire veker, men forsvararen anka orskurden om varetektsfengsling. Forsvareren opplyser at anken truleg blir behandla av lagmannsretten på onsdag.

Politiet skal sjekka kvinna opp mot andre brannar i Haugesund. Ifølgje politioverbetjent Torbjørn Nervik dy. er det for tidleg å svara på om ho er mistenkt for å stå bak fleire brannar.

- Kvinna er nettopp blitt varetektsfengsla. Me konkluderer ikkje nå, me treng tid for å grava. Me vil etterforska ferdig brannen ho er sikta for, og sjekka henne opp mot andre brannar. Me vil nå gå opp informasjon og henta meir informasjon. Me vil også sjå på gamle saker med eit litt anna blikk, sjå sakene opp mot denne kvinna, seier Torbjørn Nervik.

- Kor langt bak vil de gå når de skal sjå på gamle saker?
- Det må me sjå på etter kvart, seier Nervik.

Ønskjer framleis tips

Sist det brann i Haugesund var i femtida natt til laurdag. Då oppdaga ein bebuar eit branntilløp i Rogalandsgata. Politiet kunne måndag ettermiddag ikkje seia noko meir om brannårsaka.

- Me har ein teori om at den kan vera påsett. Det er ting som tydar på det, men me har ikkje konkludert ennå, seier Torbjørn Nervik.

Ved fleire av dei brannane i Haugesund sentrum som politiet mistenker er blitt påsette, har det starta å brenna på utsida av hus. I Rogalandsgata tok det til å brenna inni eit hus. Politiet vil ikkje seia kvifor dei trur det kan vera snakk om påsetting.

Politioverbetjent Tobjørn Nervik minner om at politiet framleis ønskjer tips frå publikum, og ber folk vera årvakne.

- Det er viktig at folk ikkje senkar skuldrene. Det kan vera fleire der ute som gjer dumme ting, seier Nervik.

Publisert mandag 03. august 2009 kl. 00:00.
Sist oppdatert mandag 03. august 2009 kl. 15:23.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.

Annonse

Hai tatt utenfor Skudenes

Skater på Amanda

Sjark

Se flere videoer

Snarveier

Innsida Innsida.no

Lokalavisa i Sunnhordland.

Ut24 Ut24

Planlegg fritiden din.

Reisemeldinger Reisemeldinger

Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.

TV-Guiden TV-Guiden

Dette bør du få med deg.

Avisannonser Siste ukes annonser

Her kan du søke opp siste ukens papirannonser

Dagens leder Dagens leder

Les dagens leder fra Haugesunds Avis.

Søk i skattelistene
for 2008

Annonse