Gasstankaren "GIMI" riggar seg til ved Fosen.
Skip i opplag på Fosen
Sju skip ligg allereie i opplag i Bøvågen, og tysdag kom det første skipet til Fosen.
Gasstankaren "GIMI" er det første i opplag på Fosen.
Gasstankaren "GIMI" er engelsk registrert og eigd av Golar Management i Oslo.
KARMØY: Ein 296 meter lang gasstankar ankra tysdag opp på Fosen.
- Gasstankaren heiter ”Gimi” og er engelsk registert. ”Gimi” er eigd av Golar lng, og drifta av Golar Management i Oslo, seier hamnedirektør Odd Einar Mæland i Karmsund Hamnevesen.
Skipet er det første som blir lagt i opplag på Fosen.
- Det vil førebels bli liggande aleine, men ut i august eller i september kan det koma fleire gasstankarar. Eit søsterskip og eit tilsvarande skip frå eit anna reiarlag kan komma, seier Mæland.
- Kor lenge skal skipet bli liggande?
- Det er vanskeleg å seia, men reiarlaget har antyda minst seks månader. Det er sannsynleg at det blir mellom seks og tolv månader, men det spørs korleis gassmarknaden utviklar seg, seier hamnedirektøren.
LES OGSÅ: Fleire skip ventes
Nye skip er også på veg til Bøvågen, der det alt ligg sju skip.
- Fredag kjem to 170 meter lange containerskip til Bøvågen. Når desse er på plass er det plass til to skip til i Bøvågen. Gasstankaren er så stor at det passar betre å legga den i opplag på Fosen, seier Mæland.
Vil ikkje ut med inntekter
Hamnedirektøren vil ikkje seia noko om kor mykje hamnevesenet tener på skipa som ligg i opplag.
- Det er av forretningsmessige årsaker. Me har konkurrerande hamner både sør og nord for oss. Det er klart at dette gir inntekter, også for taubåtar og ulike underleverandørar, seier hamnedirektøren.
I Karmsund hamnevesen si årsberetning for 2008 står det at selskapet sin økonomi er meget tilfredsstillande. Dei totale driftsinntektene for 2008 blei 39,5 millionar kroner. Overskotet i sjølve drifta blei 10,6 millionar kroner.
I total godsmengde over offentlege og private hamneanlegg i hamnedistriktet, opplevde Karmsund Hamnevesen i fjor ein nedgang på ca. 6,4 prosent samanlikna med året før.
- Inntektene for opplagsskip betyr ein god del. Me har hatt nedgang i 2008, spesielt andre halvår. Me har mista ferjene til England og Danmark og det har me tapa 3,5-4 millionar kroner på. Opplagsinntektene er langt i frå så store, seier Mæland.
Bebuarar på Avaldsnes har klaga på støyen frå fartøya som ligg i opplag i Bøvågen. Bebuarar på Fosen vil nok også merka gasstankaren som nå er på plass.
- Dei vil merka det reint visuelt, og dei kan eventuelt merka litt støy dei første vekene før me får på plass landstraum. Me vil prøva å vera mest mogleg skånsame, seier hamnedirektøren.