LITEN, MEN FARLEG? Den minste tunnelen på Rv 48 i Tungesvik like ved Skånevik, skal nå granskast nøyare av vegvesenet. ARNE FRØKEDAL
Slår tunnelalarm
Lokale kjentfolk slår rasalarm om Tungesviktunnelen ved Skånevik. Statens Vegvesen er på vakt.
SPREKK: Frostsprenging er truleg årsaka til at sprekken i tunneltaket aukar. ARNE FRØKEDAL
Skånevik: Tunnelen er den siste statssekretær Steinulf Tungesvik(Sp) i Samferdselsdepartementet passerer når han køyrer frå Oslo til heimbygda Skånevik. Det har lenge hagla med småras av stein og jordmasse i og omkring tunnelen, men det mest alvorlege er at ei godt synleg sprekke på tvers oppe i tunneltaket blir stadig større.
Spreng heile tunnelen vekk, meiner Sigve Håland (39) som har vintervedlikehald på vegen og som meiner at sprekka har blitt breiare i løpet av vinteren.
Sender geolog
Statens Vegvesen er kjent med problema, men ikkje med at sprekka aukar. Nå vil etaten senda ein geolog til staden før sommarferien, samstundes som byggjeleiar Odd Kristian Iversen ikkje ser ein akutt fare.
Me har tunnelen under observasjon, men har ikkje bestemt kva tiltak som skal setjast i verk.
Også driftsansvarleg Asbjørn Opedal i Mesta Haugesund, er bekymra for utviklinga av den 24 meter lange tunnelen.
Den har blitt dårlegare, ja. Me følgjer med på utviklinga og har den under observasjon på våre patrujler kvar tredje veke, seier han.
Frostskade
Sigve Håland har brøyting og salting på denne del av Rv 48 for Mesta, og har i mange år følgd med. Han peikar på at det er fleire rasutsette stader på vegen mellom Håland og Skånevik. Dei tre tunnelane i Tungesvik (Tungesvik I, II og III) blei byde på 60-talet og har ingen betongvegg innvendig.
Det er spesielt den minste tunnelen som er ille. Du treng ikkje vera vegingeniør for å sjå dette. Me som brukar vegen til dagleg håpar at det blir sett i verk tiltak før det skjer noko dramatisk, seier han.
Håland fortel om mykje innvendig is siste vinter og trur det er frostsprenging som gjer at skreppa, etter det han kan vurdera, har blitt større den siste tida.
Ser på saka
Byggjeleiar Odd Kristian Iversen i Statens Vegvesen avdeling Haugesund opplyser at det tidlegare er laga ein del geologiske rapportar på tunnelen. Den eine konklusjonen frårår å sprenga vekk heile tunnelen for fjellet er dårleg og fordi den kan skapa nye problem med nedfall i det bratte terrenget.
Det har aldri vore søkt om midlar til tiltak her og det er ikkje nok pengar innan vedlikehaldsbudsjettet til å sikra tunnelen. Det er difor uvisst når me kan gjera noko.
Korleis vurderer du faren?
Ikkje som større enn i mange andre tunnelar, men som sagt har me denne tunnelen under oppsikt. Dersom det er korrekt at det har skjedd ei forverring i vinter, vil me gå djupare inn i problematikken og sjå på saka igjen relativt raskt, svarer Iversen.