- Sørfjorden er ikkje død
- Alle veit at Sørfjorden er død frå Odda og ut sa ein av miljøvernforkjemparane i Vats på Tv 2 fredag. Denne utsegna fekk ordføraren i Odda til å reagera kraftig.
ODDA/VATS: Fredag viste Tv2 nyheitene ein reportasje frå Vatsfjorden i Vindafjord. Osvald Eikanes og Ståle Jøtne har tatt prøvar av botnforhold, vatn og blåskjell som er henta opp frå fjorden ved Raunes, der AF Decom driv med opphogging av oljeplattformer. Resultata påviser farlege mengder kvikksølv, sink og kadmium, melder Tv 2.
- Dei siste prøvane er på høgde med Sørfjorden. Og alle veit kva Sørfjorden er, det er ein fjord som er heilt død, frå Odda og ut, seier Osvald Eikanes til Tv 2.
- Eg reagerte veldig når eg høyrte dette, det er heilt feil. Me har jobba intenst sidan 1990 med å få Sørfjorden frisk og i dag finst det både skjell, fisk og tang og tare. Det er ennå eit stykke igjen til fjorden er heilt frisk, ein bør ikkje ete skaldyr frå den indre delen av fjorden, men me er på god veg. Me har eit tett samarbeid med Norsk institutt for vannforskning (NIVA), seier ordførar i Odda, Gard Folkevord.
Andre krav og reglar i dag
Han synest ikkje det er greit å bruka Sørfjorden i Odda som eit døme på kor gale det kan gå med fjordar som er utsett for utslepp frå industrien.
- Eg veit ikkje detaljane om kva som skjer i Vatsfjorden, men Sørfjorden blei øydelagt før det fantes reglar for kor mykje industrien fekk sleppa ut i sjøen. Det er 100 år sidan industrien kom til Odda og industrien haldt på i mange år før dei fekk strenge miljølovar å forholda seg til og i løpet av den tida gjekk mange tusen tonn utslepp i sjøen. Det er heilt utenkjeleg at fjordar der det startar opp industri i dag kan bli like øydelagde som Sørfjorden, seier Folkevord.
Inviterer på fisketur
- Om Sørfjorden ikkje lenger er heilt død så er han i alle fall ennå forgifta. Det som er av liv i sjøen bør ein ikkje eta. Når eg seier at Sørfjorden er død tar eg utgangspunkt i Overvåking av miljøforholdene i Sørfjorden 2006 som er målingar frå NIVA og SFT og lite har skjedd den korte tida sidan 2006, seier Osvald Eikanes.
Ordføraren i Odda tar derimot sjansen på å eta fisk frå Sørfjorden.
- Det er viktig for meg at folk får vita at Sørfjorden ikkje er død lenger og eg inviterer gjerne dei som ikkje trur det til fisketur på Sørfjorden, seier Gard Folkevord.