Turklare: Shizuko Hano, turleiar Einar Kjøren og Maria Aase gjer seg klare for tur dagen etter framkomst på Hardangervidda. Foto Kristin Eide
Spreke single på fjellet
Dei er single og over 45. Nokon på leiting etter ein turkamerat, andre noko meir. Dei finn saman på Hardangervidda.
Middag: Hua Xiang og Shizuko Hano er klare for trerettars middag.
Framme: Sjølv om vêret ikkje var det beste, smilte Maria Aase og Lisbeth Natland då dei endeleg kom fram til Sandhaug måndag kveld.
VELKOMMEN: Hyttevert Brita Gjerde hjelp turleiar Einar Kjøren med å fordela rommene.
HARDANGERVIDDA: – Eg er her for det sosiale, og er eg heldig finn eg noko meir, seier Einar Jenssen.
Han er ein av dei 27 deltakarane på singelturen. Dei færraste kjenner kvarandre frå før, men har til felles at dei er over 45 år, glade i naturen og medlem av Den Norske Turistforeininga (DNT).
– På singelturane er det sosiale aspektet veldig viktig. Vi skal kopla saman gruppa og sørga for at det vert ein harmonisk gjeng, seier turleiar Einar Kjøren.
– Skal nyta fjellet
Måndag for ei veke sidan kom dei til Sandhaug turisthytte som ligg midt på Hardangervidda. Turen tek om lag tre timar frå riksvegen, og hyttevert Jan Tyssebotn ordna med hestetransport for litt av baggasjen.
– Me skal nyta fjellet. Denne turen handlar ikkje om fart og høgde. Opplevinga her er det som auga ser, forklarar Kjøren.
Dei fleste deltakarane er busett i Oslo-området, og i løpet av turen inn til hytta rekk fleire å verta kjende. Rundt middagsbordet er stemninga høg.
– Eg har vore med på DNT sine turar i ti år, men det er første gong eg treff ein asiat, smiler japanske Shizuko Hano, som nett har blitt kjend med kinesiske Hua Xiang.
Frå Tokyo
Xiang skulle eigentleg på fisketur, men då den vart avlyst fekk ho tilbod om singeltur. Dermed møtte ho Hano, og dei to planlegg å halda kontakten framover.
– Eg elskar det norske fjellet og norske menneske. Eg har aldri treft dårlege menneske på fjellet, seier Hano.
Ho er opphavleg frå Tokyo, men busett i Oslo.
Det er første gong ho er med på singeltur, og som dei fleste andre seier ho at målet er å nyta Hardangervidda saman med andre som er glade i natur.
Fjellsjekking
Tyssebotn fortel at det ikkje er uvanleg å sjå folk som er på utkikk etter ein partnar når dei kjem på fjellet, og trur at ein del finn kjærleiken på Vidda.
– Eg likar settingen med felles måltid og turar, seier Einar Jenssen.
Dei single turgåarane skal ha Sandhaug som base i fire dagar. I løpet av den tida vert det fleire turar i området, dans, fisking og kanskje eit bad for dei aller tøffaste.
– Me kom godt i kontakt på veg oppover, og så langt svarar det til forventningane. Det er eit flott område, seier Knut Rogstad.