Arbeidet med den nye barnehagen i Ølensvåg er mellombels stoppa fordi tomta ikkje var regulert til barnehage.

Stoppa barnehagebygg

Byggearbeidet på den nye barnehagen i Vågen i Ølen blei torsdag kveld stansa på grunn av saksbehandlingsfeil. Naboar har alt lenge protestert mot bygginga og meiner staden er ueigna.

Annonse
Annonse

ØLen: – Tomta er ikkje regulert til barnehage. Dette påpeika me i tilsvaret på nabovarselet, men me fekk aldri nokon respons frå kommunen, seier Reidar Matre. Matre sette advokat på saka. Han er næraste nabo til den planlagde barnehagen i Ølensvåg, og er oppgitt over mangelfulle byggemeldingar og dårleg informasjon frå Vindafjord kommune.

– Dårleg dialog

Han reagerer sterkt på planane om å byggja ny barnehage i bustadfeltet, og meiner plasseringa er ueigna til føremålet.

– Det har ikkje vore nokon form for dialog frå kommunen si side i denne saka. Me har igjen og igjen stilt spørsmål ved fleire sider av saka. Trafikksituasjonen i området er allereie vanskeleg, og eg fryktar for tryggleiken til borna dersom det ikkje blir gjort endringar på vegen til barnehagen, seier Matre.

Farleg rush

Den nye barnehagen i Vågen skal ha plass til 53 born, mot dei 18 som går i den noverande barnehagen.

– På vinterstid er det berre mogleg for ein bil å passera om gongen og dei to vegkryssa i området er svært uoversiktelege og farlege. Dessutan må born kryssa hovudvegen mot barnehagen, då det berre er fortau på andre sida. Eg har rekna meg fram til at det blir omlag 165 passeringar i løpet av ein time på morgonparten. Og her skal små ungar gå, seier Matre.

Men desse protestane har møtt døve øyrer i kommunen, meiner Matre. Byggestansen kom som følgje av brot på byggningslova, ikkje argumenta om den usikre trafikksituasjonen borna kan havna i.

Tar sjølvkritikk

– Me burde sjølvsagt visst at området ikkje var regulert til ein barnehage, dette er heilt klart vår feil, seier Solveig Hortmann, prosjektavsvarleg for bygginga i Vindafjord kommune. Hortmann er skeptisk til den store trafikken Matre var bekymra for i området. Kommunen sine utrekningar viser mindre trafikk, men likevel seier ho at det burde vore endringar i vegsituasjonen før barnehagen kom på plass.

– Me har tatt omsyn til trafikksituasjonen i området. Vårt høgaste ønskje er å gje fulll barnehagedekning og me har prøvd så godt me kan. Det var ikkje meir pengar i prosjektet til endringar av vegen, men det er no sett opp på budsjettet, fortel Hortmann, som ikkje kan seia noko meir om når arbeidet med vegen blir sett i gnng eller kva som eventuelt skal gjerast.

Reidar Matre reagerer sterkt på at kommunen sette i gong bygginga før klagefrista gjekk ut, og seier han føler seg overkøyrd.

Overkøyrd

– Me fekk tre vekers klagefrist frå laurdag av, men bygginga blei sett i gong på måndag. Kommunen er jo til for innbyggjarane, og skal ikkje oppføra seg som ein bulldoser, slik dei har gjort i dette tilfelle.

Ordførar i Vindafjord kommune, Arne Bergsvåg, er trygg på avgjerda som er teken i saka.

– Saka er blitt behandla i fleire omgangar, og eg er trygg på at folk er blitt høyrde. Me høyrer argumenta, men me kan ikkje ta omsyn til alle, seier Bergsvåg. Han er samd i at trafikksituasjonen i området er vanskeleg.

– Vegen er ei utfordring, som me skal ta tak i og utbetra.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.