"VERONICA II" GIR ARBEIDSPLASSAR Det tidlegare fiske/frakteskipet "Veronica II" skal no byggjast om til seismikk-skip i Fitjar.

Stor ombygging

Fitjar Mekaniske Verkstad og Vik Sandvik skal saman gjera eit 106 meter stort fiskeskip om til skip for oljeleiting.

Annonse
Annonse

FITJAR: – Det er veldig viktig for oss å vera med i slike ombyggingsprosjekt. Det er ein stor maknad for det no,seier Tore Vik, dagleg leiar i Fitjar Mekaniske Verksted AS. Søndag la fiske-/fabrikkskipet "Veronica II" til kai ved Fitjar Mekaniske Verksted AS. Det var ikkje gjort i ei handvending, då skipet er 106 meter langt – eitt av verdas største fiskefartøy og av dei største som har lagt til i Fitjar.

Frå fiske i Afrika

Ifølge kapteinen om bord, Jim Gallagher, var siste hamn før Fitjar Donegal i Irland, der reiaren, Kevin Mc Hugh, held til. "Veronica II" har drive fiske i fjerne farvatn,og siste turen var langs vestkysten av Afrika. Men skipet er nå seld til norske interesser for fullstendig ombygging til seismikk-skip.

– Detteu er ein svært tfordrande og omfattande jobb. Me har aldri hatt større ståljobb enn dette. Blant anna skal heile brua flyttast fram, fortel Vik.

Konstruktørar

Vik - Sandvik konstruerte skipet då det var nytt for 14 år sidan, og dei har no fått oppgåva med å omkonstruera det. Det er mykje som må gjerast: Store seksjonar av skipet må flyttast, og omfattande elektroniske installasjonar må på plass. Sjølve arbeidet er det Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) som utfører. Ti mann frå FMV gjekk om bord i "Veronica II" i Irland og starta demonteringinga av utstyr. Dette har pågått videre under overfarten til Fitjar, og når det 35 meter kortare "Scandi Texel" forlet FMV på torsdag, starter arbeidet om bord for alvor. Etter om lag åtte månader skal skipet vera klart for oljeleiting. Vik reknar med at det på det meste vil vera 130 mann engasjert, i Fitjar og som underleverandørar. Blant anna blir det bygd stålkonstruksjonar på Halsnøy.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.