RAS: Slik såg det ut etter eit steinras mellom Odda og Tyssedal.
Stor skredfare på vestlandsvegar
Vegvesenet åtvarar mot stor skredfare det neste døgeret. Mykje nedbør kan og gje flaum.
MOT VÅR: Det går mot vår, men først må snøen bort.
SAMFERDSEL: - Det er varsla mildvêr og regn det neste døgeret, og skredfaren er difor stor på vegnettet på heile Vestlandet. Statens vegvesen ber alle trafikantar vere ekstra på vakt når dei ferdast ute på vegane, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
Dei viser til at det har vore mykje snø og kulde i år. Dette har og ført til kaos på vegane.
Nedbør
- Mange stader er det store mengder is, både i skjeringar og i fjellsider. Når temperaturen stig og det kjem nedbør i form av regn, er risikoen for lokalt nedfall av stein, snø og is svært stor, forklarar dei.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) ventar mykje nedbør i Hordaland frå natt til torsdag til natt til fredag.
- Det er fare for lokale oversvømmelser som følge av isgang/isoppstuving i elver og bekker, tele i bakken og is og snø som delvis tetter rør, sluk og andre avløpsveier, skriv dei på sine heimesider.
Overvakar
Statens vegvesen har sett i verk forsterka overvaking og kartlegging av vegnettet.
- Dette blir gjort ved hjelp av personar med lokalkunnskap.
Ein del vegar har allereie vore stengt på grunn av - eller ved fare for ras, og Vegvesenet melder at fleire kan bli stengt på kort varsel det neste døgeret.
Difor oppmodar dei folk til å følga med på trafikkmeldingar på vegvesen.no eller å ringa Statens vegvesen sin Vegtrafikksentral på tlf. 175.