Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Storfangst på barnestong

<b>STOLT: </b>Frida (snart fire år) var synleg stolt over fangsten.

STOLT: Frida (snart fire år) var synleg stolt over fangsten.


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

Det var slett ingen dum idé å ta vesle Frida med på fisketur. På den spinkle barnefiskestonga fekk nemleg treåringen ein laks på 65 cm.

STORD: Den låge vasstanden gjorde at det var små-auren familien Almås fiska etter då dei la søndagsturen til Rydlandssaga for eit par veker sidan. Utstyrt med ei barnesfiskestong med makk og ein liten dupp, kasta Jostein Almås snøret ut i fossen for dottera. Då Frida skulle dra inn snøret, kom overraskinga.

– Det låg og blinka nede i vatnet, og det var tungt, seier Jostein Almås, som er ein ivrig laksefiskar. Med den enkle stonga utan sluring, måtte Almås trø til med hendene, og hala fisken rett opp på land.

2,2 kilo

– Sidan me drog han rett opp, var sjølvsagt laksen steinvill og for nedover berga, seier Almås, som måtte legga frå seg videokameraet før han kunne kasta seg etter laksen på 2,2 kilo.

– Eg heiv meg etter fisken som om den var ein fotball, fortel Almås. Vesle Frida var naturleg nok sjokkert då ho såg storleiken på fisken, men største sjokket fekk kanskje pappa.

Teoretisk umuleg

– I teorien skal ikkje sånt vera muleg, fisken var jo like lang som fiskestonga, ler Almås, som kan fortelja at Frida er biten av fiskebasillen etter opplevinga.

– Eg tar ho ofte med på småturar rundt om kring, men no vil ho berre til Rydlandssaga, seier ein nøgd pappa.

kari.stautland@haugesunds-avis.no

Publisert lørdag 23. september 2006 kl. 00:00.
Sist oppdatert lørdag 23. september 2006 kl. 09:28.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.

Annonse

Kommentarer (0)

Karmøy og Haugesund i nabokrangel

På ski etter bil i 130 km/t

7-åring reddet svanepar

Se flere videoer

Les avisen på mobilen

Les h-avis.no på mobilen
mobil.h-avis.no

Få tilsendt linken i en tekstmelding på mobilen din
Ditt mobilnummer:

Meldingen er gratis

Snarveier

Innsida Innsida.no

Lokalavisa i Sunnhordland.

Ut24 Ut24

Her kan du planlegge fritiden din.

Reisemeldinger Reisemeldinger

Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.

TV-Guiden TV-Guiden

Planlegg tv-kvelden!

Avisannonser Siste ukes annonser

Her kan du søke opp siste ukens papirannonser

Dagens leder Dagens leder

Les dagens leder fra Haugesunds Avis.

Søk i skattelistene
for 2008

Annonse