Finnås Kraftlag tykte anbod var for dyre og vil byggja sjølv, opplyser Nils Gloppen (t.h.). Her saman med Bente Steinsland og styreleiar Øyvind Larssen på parteigarmøte i fjor haust.
Strekkjer linjene sjølv
Finnås Kraftlag forkasta alle anbod om bygging av ny linje til Goddo. Dei meiner dei kan gjera arbeidet billegare sjølv. Det reagerer Klagenemnda for offentlege anskaffelser på.
BØMLO: Romsdalsbedrifta Kraftmontasje AS hadde det lågaste anbodet på godt åtte millionar kroner, etter at Finnås Kraftlag i juni 2006 sende ut invitasjon til fem tilbodarar om å ta del i ei lukka anbodskonkurranse.
Det vart ikkje gjeve opplysningar om høve til å forkasta alle anbod eller om budsjettmessige avgrensingar for gjennomføring av konkurransen. Me var usamde i avgjerda i Finnås Kraftlag og bad om forklaring, utan å få svar. Difor klaga me saka inn for klagenemnda, opplyser dagleg leiar Oddgeir Amundsen i Kraftmontasje AS.
No har Klagenemnda for offentlege anskaffelser sagt sitt: Finnås Kraftlag har brote "anskaffelseslovens paragraf 5 og forsyningsforskriftens krav til nærmare grunngiving i paragraf 31 (2)".
Me er godt nøgde med nemnda si vurdering, seier Amundsen. Bedrifta har ikkje avgjort om dei vil gå vidare med saka.
Å kreva kompensasjon er eit alternativ, men det er førebels uklart, seier han.
Nils Gloppen i Finnås Kraftlag opplyser at dei forkasta alle tre anboda i samråd med sin konsulent.
Me vurderte dei innkomne prisane som så høge at me avgjorde å stå for bygginga sjølv, seier han.
Kva lærdom har det gjort av klagenemnda sin konklusjon?
Lærdommen må vera at me skriv annleis når me går ut med invitasjonar. Elles får me ta det som kjem, seier Gloppen.
Arbeidet med ny 22 KV-linje til Goddo vil ta til med det fyrste. Det vil gje publikum breiband og tryggare straumforsyningar.
kristine.sele[AT]haugesunds-avis.no