Leiaren i Etne Jeger og Fiskerforening, Jan A. Vinje, er skeptisk til oppdrettsnæringa. Han håpar likevel at dei nye tonane er til å stola på. I bakgrunnen fiskaren Tom Hardeland.

Tar ansvar for villaksen

Oppdrettsnæringa kjem elveeigarane i møte og tilbyr samarbeid for å berga villaksen.

Annonse
Annonse

ETNE: Gjennom det nyoppretta HardangerFjordLauget vil oppdrettarane gå inn med betydelege midlar for å få dette til, sa Ove Gjerde på laksemøtet i Etne tysdag kveld.

– Det er snakk om fleire millionar kroner per år, utan at et kan talfesta tte nærare enno. Oppdrettarane vil også bidra med kompetanse, seier Gjerde til Haugesunds Avis.

Han er prosjektleiar i Alsaker Fjordbruk AS og nestleiar i HardangerFjordLauget. Alle oppdrettarane i Hardangerfjorden er med i dette lauget, som formelt blei oppretta 2. oktober.

Frå oppdrettsnæringa si side blei det på møtet i Etne også sagt at næringa er klar til å ta eit visst ansvar for lakselusproblematikken og rømming av oppdrettsfisk.

– Sjarmoffensiv

Iniatiativet frå oppdrettsnæringa blir møtt med ein viss skepsis frå dei som kjempar for villfisken.

– Eg oppfattar dette som ein sjarmoffensiv for å få sympati nå mens Hardangerfjord-forskrifta er ute til høyring, seier Jan A. Vinje.

Han er leiar av Etne Jeger og Fiskerforening, som var med på å arrangera informasjonsmøtet tysdag kveld.

Vinje seier han er overtydd om at oppdrettarane har kome på banen nå i eit forsøk på å hindra drastiske nedskjeringar i framtida.

– Oppdrettsnæringa har ingen tillit hos meg, men eg håpar sjølvsagt at dette kan bety ei reell kursendring frå deira side, eier han.

Viktig ettermøte

Etter det opne møtet tysdag fekk leiaren i Etne Elveeigarlag, Vidar Børretzen, i stand eit lukka møte mellom oppdrettarar og eleveeigarar der også Vinje var til stades. På dette møtet blei partane samde om å treffast igjen på nyåret når forskrifta er på plass.

Ove Gjerde meiner det lukka ettermøtet var svært viktig, og han rosar Børretzen for initiativet.

– Me vil helst ha dialog direkte med eleveeigarane. Etne Elveeigarlag vil også ha med Fylkesmannen og Unifob i det vidare arbeidet, og det skal me ikkje motsetja oss, seier Gjerde.

Håp om løysing

– Eg opplevde informasjonsmøtet som positivt. Det munna ut i forsoning og vilje til samarbeid frå begge partar. Så vidt eg har oppfatta, var det nytt at oppdrettsnæinga erkjente ansvar slik dei gjorde her. Det gir håp om løysingar, seier etneordfører Sigve Sørheim.



einar.vestvikh-avis.no



«For- soning gir håp»

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.